NRK Meny
Normal

Deila: - Gullkampen pregar oss lite

Strømsgodset stressar ikkje før kampen mot Brann, sjølv om dei kjempar om sitt første seriegull på 43 år.

Ronny Deila

Ronny Deila er engasjert på sidelinja, men meiner at gullstriden ikkje pregar Strømsgodset i særleg grad – enno, iallfall

Foto: Ellingsen, Tommy / NTB scanpix

Følg kampen: Rosenborg - Haugesund fredag kl 19.00

Følg kampen: Brann - Strømsgodset laurdag kl 18.00

– Gullkampen pregar oss veldig lite, eigentleg. Men det gir oss motivasjon til å jobbe vidare og tru på det vi driv med, seier Strømsgodset-trenar Ronny Deila til NRK.

Gullkampen vil leve lenge

Når dei er ferdige med det, er det framleis seks kampar att. Det betyr at gullkampen mellom Drammen og Trondheim vil leve lenge enno.

To poeng skil, med Rosenborg i førarsetet. Det kan fort bli fem poengs leiing i kveld, og då får Godset ei tøff oppgåve i Bergen laurdag.

– Men vi kjenner oss rolege. Vi har vore i denne situasjonen i lang tid, og har bra metodar og struktur på det vi driv med. Dessutan er det mange kampar igjen, legg Deila til.

For ordens skuld: Rosenborg har 22 seriemeisterskap, det siste i 2010. Strømsgodset har eitt – i 1970. Det er 43 år sidan.

Alexander Søderlund

På heimebane for andre gong: Her jublar Alexander Søderlund for scoring for Haugesund mot Rosenborg i april i år. No møter han sine gamle lagkameratar på Lerkendal

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Kampen i kveld er den første at to strake møte mellom RBK og Haugesund – begge på Lerkendal. I kveld gjeld det seriepoeng, onsdag er det semifinale og ein plass i cupfinalen på Ullevaal slaget står om.

– Men seriekampen er den viktigaste, seier trenar Per Joar Hansen til Adresseavisen.

Det er ingen tvil om at kampen i kveld er viktig. Med siger aukar trønderane leiinga til fem poeng, iallfall for eit døgn. Og det legg ekstra press på Strømsgodset, som då vil vite at dei er nøydde til å vinne i Bergen laurdag kveld for ikkje å tape terreng.

I fjor låg også Rosenborg an til meisterskap. men ein kollaps med tre tap på slutten av sesongen ga berre bronse som resultat.

- Det skal vi gjere alt for å unngå i år , seier sportsleg leiar Erik Hoftun. – Vi har ein god vinnarmentalitet i år, og vi er godt trent, seier han til NRK.

For Alexander Søderlund blir kampen spesiell. Det er første gongen han møter sitt gamle lag sidan overgangen til Rosenborg i sommar. Han scora eitt av måla då Haugesund slo Rosenborg 3–1 i vår.

Aldri på ein fredag

Ein annan statistisk raritet: Rosenborg har ikkje tapt ein fredagskamp på 39 år.

Fredag 21. juni 1974 tapte RBK så det song – 0–4 for Start i Kristiansand. Sidan har dei aldri tapt på ein fredag, ifølgje Adresseavisen .

Sidan har Rosenborg spela 18 fredagskampar. 12 sigrar og seks uavgjorte er fasiten.

I fjor slo Rosenborg Haugesund 5–2 i tilsvarande kamp – på ein fredag. Og Søderlund hjelpte RBK med eit sjølvmål.

– Dei har nokre skavankar

Strømsgodset veit dei går til ei vanskeleg oppgåve i Bergen. Men dei er godt budde.

– Vi har så godt som skadefri tropp, seier Strømsgodset-trenar Ronny Deila til NRK. Han er litt usikker på Lars Kristoffer Vilsvik og Jørgen Horn, men elles er alle klare til turen til Bergen.

– Dei har nokre skavankar, men det er slik det brukar å vere på denne tida av sesongen. Vi får sjå om vi kan stable dei på beina til i morgon, seier Deila.

Han reknar med offensiv motstand.

– Brann er eit lag som scorar mange mål heime. Derfor må vi forsvare oss, og så skal vi lage litt trøbbel for Brann også, seier Deila.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann

Slik gjekk det i fjor: Strømsgodset vann 2–1 på Brann stadion – Godsets andre siger nokosinne i ein seriekamp på Brann stadion

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Nøkkelkamp

– Dette er ein nøkkelkamp i medaljestriden, seier Stefan Johansen. Han minner om at også neste Godset-kamp er borte.

– Heime er vi gode, det er borte vi må brette opp ermane og stå på. For sjølv om Rosenborg tapte sist, er dei gode nok til å vinne dei fleste kampane som står att. Derfor må vi gjere jobben vår også, seier Johansen.

– Vi er i ein utfordrarposisjon og kjem nok til å vere det utover hausten. Det passar oss eigentleg godt. Vi har hatt lett for å bli litt stressa når vi ligg øvst, kanskje er det like greitt å ligg like bak og snappe det på slutten, seier Ola Kamara.

Strømsgodset har berre vunne to av dei 23 kampane dei har spela på Brann stadion sidan 1968. Men den siste av dei to sigrane kom i fjor – Alexander Aas og Peter Kovacs scora då Godset vann 2–1. Elles med Per Ivar Staberg som dommar, same mann som skal dømme laurdag.

Den andre sigeren er 15 år gammal. Dagens sportsdirektør Jostein Flo stod bak det einaste målet i kampen i mai 1998.

Brann er ligaens nest beste heimelag i år – berre Strømsgodset er betre. Og Brann har aldri gått av heimebana utan scoring i år.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.