NRK Meny
Normal

- Kom til Bodø, Åge

Bodø/Glimts trenar Kåre Ingebrigtsen meiner fielre av spelarane i laget har landslagskvalitetar, og inviterer landslagssjefen til byen.

Bodø/Glimt-jubel etter seier
Foto: Stangeland, Robin / SCANPIX

Glimt har overraska stort i vår, og er etter sigeren over Lillestrøm måndag oppe på andreplass i eliteserien.

- Berre kom og sjå oss, seier Ingebrigtsen til NRK.

Nettradio: - Vi har landslagsaktuelle spelarar

Han trur fleire av spelarane er modne for landslaget, og nemner spesielt målscoraren i kampen måndag, Trond Olsen, og midtstoppar Per Verner Rønning.

- Trond har stor fart og ein god venstrefot, og scorar mål. Per Verner er ein bauta der bak, reklamerer Ingebrigtsen.

- Eg takkar ikkje nei dersom sjansen kjem, seier Olsen.

Ingebrigtsen meiner derfor det er på tide at Åge Hareide kjem og tar ein titt.

- Han skal få både kaffi og bollar, lovar Ingebrigtsen.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.