NRK Meny
Normal

- Eg blir

Dimitar Berbatov vil halde fram i Tottenham, iallfall ei stund til.

Dimitar Berbatov
Foto: MATT DUNHAM / AP

Den bulgarske spissen hadde ein strålande debutsesong i Premier League for Tottenham, skåra 12 seriemål og imponerte i UEFA- cupen. Manchester United har lenge vore kåt på å sikre seg 26- åringen, men no legg hovedpersonen saka død.

- Eg valde Tottenham før forrige sesong og eg held fram av eigen fri vilje, iallfall i første omgang, seier Berbatov til den bulgarske avisa Bulgarian Football Weekly.

Ifølge agent Emil Danchev sjekka Manchester United fredag om Berbatov var klar for å flytte frå hovedstaden. Det stadfestar den bulgarske landslagskapteinen.

- Det er kjent at United var interessert i meg, men det er uaktuelt å skifte klubb no.

Dimitar Berbatov kom frå den tyske klubben Bayer Leverkusen for 128 millionar kroner i mai 2006. Han vart ein umiddelbar suksess i England og kom med på årets lag.

- Det har vore ei rekke spekulasjonar. Eg vil med dette understreke at eg blir. Styret i Tottenham har óg bestemt seg for å heve løna mi i klubben.

Berbatov hadde ein rekke sjansar då Tottenham søndag tapte 1-0 mot Manchester United på Old Trafford. London-klubben ligg på ein urovekkande 17. plass på tabellen etter tre tap på fire kampar.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.