Brann-trenar Mons Ivar Mjelde (Foto: Marit Hommedal/Scanpix)
Eg synest at Brann- trenar Mons Ivar Mjelde er ein knakandes kjekk kar. Og prosessane han har satt i gong i Brann er sikkert vel og bra.
Men i alle prestasjons–grupper er det resultata som tel. Og etter fem serierundar har ikkje resultata til Brann vore gode nok. Det ser alle.
Men Mjelde kan ikkje etter så få kampar gje eit inntrykk av at det nærast kan aksepterast at laget rykker ned. Det kan ein leiar aldri seie. Tenkje det? Ja. Seie det? Aldri. Signala dette sender til laget ditt skapar, etter mi meining, alibi til gruppa.
For det første er det framleis 63 poeng å kjempe for. Og for det andre skal ikkje ein klubb som Brann akseptere å være i 1. divisjon. Sogndal kan akseptere å gå eit skritt attende for så å gå to fram att i neste omgang, men det skal ein ikkje i Bergen.
Forsiktige Molde
I Molde har ein også funne ut det alle har sett ei stund: Det blir litt for forsiktig og kjedeleg.
Eg vil ikkje kritisere Gunder Bengtsson. Han er hyra inn for å få best muleg resultat. Sølv i fjor gjev han rett. Og var det nokon i Molde som trudde at dei hadde tilsett ein svensk sirkusdirektør? Gunder er ein flink trenar. Og du veit kva du får. Så eventuell kritikk må dirigerast til rett avdeling.
I Ålesund er det ingen som kritiserar trenaren. Forsvarsfeil som mot Lyn kan ingen trenar i verda trene på. Men det er i ferd med å bli ein tendens at laget ikkje held 90 minutt.
Eg kjenner ikkje spelarar og laget godt nok. Men det ligg nok mykje i dei sunnmørske hovuda som ikkje er heilt stilt inn på tippeliga-kanalen. Periodevis spelar AaFK god fotball, men i Tippeligaen blir du straffa for alle feil.
Odd og Glimt
I tillegg til Sogndal som eg har hylla mykje å denne plassen, lar eg meg imponere av Odd og ikkje minst Bodø/Glimt. Begge lag har ikkje dei store profilerte stjernene i riksmedia, men har mange spanande typar. Odd sin midtbanespelar Solli er ein. Glimt sin Christian Berg kom i fokus denne runda etter eit pent mål og målgjevande pasning.
Eg vil også hylle Petter Belsvik som med si scoring mot Tromsø tronar aleine på scoringstoppen i norsk fotball. Han kan bli ein joker for Lillestrøm utover. Eg trur dette blir et strevsamt år for LSK, og tre poeng mot TIL var viktig for å unngå krisestemning på Åråsen.
Eg gløymer sjølvsagt ikkje Rosenborg. Dei har gjennom hardt arbeid på og utanfor bana skapt eit enormt forsprang til dei andre laga. Åge Hareide har i tillegg gjort dei enno meir skjerpa.
Kampen om gullet i Tippeligaen er som ein dårleg Hollywood- film der dei beste skodespelarane er med: Du veit slutten etter at du har sett dei fyrste scenene. Og Ørjan Berg rir inn i solnedgangen med den flottaste dama.