NRK Meny
Normal

- Dr. Jekyll & Mr. Hyde

Start-trenaren om sin nye angrepsspelar Bernt Hulsker.

Stig Inge Bjørnebye

Stig Inge Bjørnebye

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Bernt Hulsker har fått eit stempel som bøllete og usympatisk på fotballbana. 29- åringen frå Vestnes har ein spelestil som provoserar mange, men ikkje Start-trenar Stig Inge Bjørnebye.

  Høyr radiosaka

- At han går inn på bana med dødsforakt er ikkje meg imot. Hulsker har stil på bana, men har til tider blitt litt overivrig, seier Bjørnebye om spelaren som er på utlån frå AIK ut sesongen.

- Sympatisk kar

Bernt Hulsker skåra 24 mål på 103 kampar for Molde, var i Vålerenga før han hamna i Stockholm og AIK. Sjølvom Bjørnebye samanliknar spelaren med romanfiguren til skotske Robert Louis Stevenson, har han kun godord å seie om privatpersonen Hulsker.

- Utanfor bana er han særs sympatisk, profesjonell og oppegåande.

Start ligg på direkte nedrykksplass i eliteserien og møter serieleiar Brann komande helg. Bjørnebye har byrja å tenke kortsiktig.

- I den situasjonen vi er i nå er det en fordel å tenke kortsiktig. Eg ser difor ingen grunn til at Bernt Hulsker ikkje kan starte den kampen, eller kome inn og gjere ein god jobb undervegs, fastslår Stig Inge Bjørnebye.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.