- David Villa til Barcelona

Barcelona og Valencia er samde om ein overgang for Valencias ettertrakta stjernespiss David Villa, ifølgje den spanske sportsavisa Marca.

David Villa
Foto: Scanpix/Reuters

Villa var toppscorar i EM i 2008, då Spania tok gull. Han har 21 ligamål hittil denne sesongen. Valencia ligg på tredjeplass i ligaen, men langt bak dei to store - Barcelona og Real Madrid.

Handelen skal ifølgje avisa ikkje bli offisiell før etter at den spanske ligasesongen er slutt. Men klubbane er allereie samde om ein pris på over 40 millionar euro, eller rundt 315 millionar kroner.

Barcelonas Alex Hleb og Bojan Krkic skal gå til Valencia som ein del av handelen.

Marca skriv også at Valencias andre spiss, David Silva, skal vere på veg til Real Madrid.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.