Den amerikanske søknaden fekk 134 røyster, mot 65 til Marokko. Det var dei to einaste boda som på kongressen. Togo var det einaste landet som valde å ikkje røyste på nokon av kandidatane.
Det betyr at VM om åtte år blir arrangert i Nord-Amerika.
Marokko tapte igjen, i sin femte søknad om å få fotball-VM. Dei har tidlegare prøvd å få VM i 1994, 1998, 2006 og 2010.
I motsetnad til tidlegare avgjorde heile FIFA-kongressen kven som skal vere arrangør. Hittil er det styret i FIFA som har avgjort dette.
NFF gjekk for Amerika
Blant dei som røysta for den amerikanske søknaden, var Norges Fotballforbund.
– Etter ei heilskapsvurdering har Noreg lagt vekt på spørsmål knytta til menneskerettar, infrastruktur, finansielle tilhøve og gjenbruk. Derfor gjekk den norske røysta til den fellesamerikanske søknaden, seier NFF-president Terje Svendsen i ei pressemelding.
Den norske støttekomiteen for Vest-Sahara, som Marokko har okkupert sidan 1970-talet, bad for nokre dagar sidan NFF om å ikkje røyste på Marokko. Det grunngav dei med omsynet til menneskerettane.
Dei fleste europeiske landa røysta for Amerika. Men Frankrike, Italia og Belgia saman med Brasil var mellom dei som røysta for Marokko.
Dei aller fleste kampane skal gå i USA. VM 2026 blir etter alt å dømme med 48 land. I så fall blir kamptalet auka frå dagens 64 til 80.
Planane går ut på at Mexico og Canada skal arrangere ti kampar kvar. Dei 60 andre skal gå i USA, mellom anna alle kampane frå og med kvartfinalane. Finalen skal spelast i New York.
115 milliardar kroner
USA arrangerte VM i 1994 og Mexico både i 1970 og 1986. Canada har aldri før arrangert fotball-VM for menn, men var vertskap for VM for kvinner i 2015.
– Det er også eit poeng at det i 2026 blir 32 år sidan sist VM gjekk på det nordamerikanske kontinentet, seier Svendsen.
VM er kostnadrekna til rundt 115 milliardar kroner.
Det er store avstandar på kontinentet som skal arrangere VM. Frå Edmonton i Canada til Mexico by tek det sju timar med fly, ifølgje Google Maps. Slik ser VM-kartet ut:
Marokko var raskt ute med å gratulere dei amerikanske landa med 2026-VM. – Vi gratulerer United 2026 med sigeren, skriv den marokkanske søknadskomiteen på twitter.