Fotball-superliga i Afrika
Afrika skal frå sesongen 2023–24 gjennomføre ein superliga for dei beste klubbane i verdsdelen. Det vedtok det afrikanske fotballforbundet (CAF) onsdag.
Planane er støtta av FIFA, som i fjor avviste ein liknande liga for europeiske klubbar.
I utgangspunktet skal 24 klubbar få plass i ligaen. I fråsegna frå CAF-president Patrice Motsepe er det ikkje nemnt noko om den nye ligaen skal erstatte den eksisterande meisterligaen.
CAF satsar 100 millionar dollar, eller nesten ein milliard kroner, i den nye ligaen.
Motsepe seier han håpar den nye ligaen skal gjere fotballen på kontinentet meir attraktiv, og at fleire av spelarane blir i Afrika.
– Dette er ein av dei mest spennande utviklingane i afrikansk fotballhistorie. Målet ar å gjere afrikansk klubbfotball i stand til å konkurrerer med dei beste i verda, seier Motsepe.
Men som i Europa er det også motstemmer i Afrika. Presidenten i Cape Town City i Sør-Afrika slaktar ideen.
– Dette vil ta livet av afrikansk klubbfotball, og «skru av lyset» for dei nasjonale ligaene, seier han.