Hopp til innhold

Fossesholm reagerte på Skistad-forventningar: – Urettferdig

HAFJELL (NRK): Forventningane er – og kjem til å vere – skyhøge til Noregs nye stjerneskot på damesida. Men Helene Marie Fossesholm kan berre ringje Kristine Stavås Skistad for å høyre korleis det er å ikkje innfri etter ein debutsesong.

Skistad og Fossesholm

UNGE OG LOVANDE: Kristine Stavås Skistad og Helene Marie Fossesholm, her under rulleskikonkurransane i sommar.

Foto: NTB Scanpix

Akkurat det siste gjer Fossesholm engasjert. 19-åringen kjenner Stavås Skistad svært godt.

Den høgreiste sprintaren som omtrent ikkje hadde konkurrert i verdscupen og som meisterskapsdebutant på imponerande vis nesten skøyta seg rett inn i ein VM-finale i 2019.

Berre eit fall på oppløpet stod i vegen.

– Eg synest det er urettferdig at ho måtte forsvare seg, lyder det frå Fossesholm – og tenkjer på den unge alderen til venninna og intervjua om finaleplassane i sprint som kom overraskande sjeldan i konkurransane etter VM i Seefeld.

CjA5k4sOz18

TRENA SAMAN: Helene Marie Fossesholm og Kristine Stavås Skistad, her under ei samling før sommarferien.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Urettferdig

For historia etter meisterskapen vart likevel ein heilt annan enn Skistad og omverda trudde. Den har bestått av fleire mindre og større nedturar. Både i nasjonale og internasjonale renn – med nokre få unntak naturlegvis.

– Det er klart ein kan ha trua på nokon, men at ein forventar finaleplassar, at det er ein katastrofe at ein ikkje klarer det, det blir feil. Det tek tid. Det er ikkje berre å valse inn her og sanke pallplasseringar i verdscup og VM. Nivået er skyhøgt, fortel Fossesholm.

– Kristine er òg veldig ung. Du kan ikkje forvente det same av ein som ikkje har etablert seg. Det er heilt feil. Det tek tid.

Tona ned seg sjølv

Fossesholm

19-åringen LEIDDE AN: Helene Marie Fossesholm, her i front på ei oppvarming under ei treningsøkt med langrennslandslaget på Hafjell denne veka.

Foto: Geir Olsen / Geir Olsen

No skal òg historia om Fossesholm blir skriven etter eit år med oppsiktsvekkande gode resultat på seniornivå. Kanskje var det derfor ho dreiv ei form for forventningsstyring rundt sin eigen person under mediedagen til langrennsdamene på Hafjell tidlegare denne veka.

Etter ein sommar der Fossesholm har vore råsterk i rulleskirenna på Blinkfestivalen og Toppidrettsveka, antek dei aller fleste at ho har teke endå større steg frå fjorårssesongen. Men i intervjuet med NRK snakkar ho meir om at ho må klare å kvalifisere seg til både verdscuprenn og VM – enn om å prestere godt i dei.

– Det håpar eg inderleg ikkje, seier 19-åringen, når NRK spør om ho ikkje trur folk som følgjer langrenn forventar at ho kjem til å ta pallplassar i verdscup og vere kandidat for VM-medalje.

– Men det er jo ikkje urealistisk at du får det til?

– Nei, ikkje urealistisk. Ein ting er å drøyme om det, tenkje at det er mogleg. Men ein skal gjere det, det skal klaffe, du skal ikkje bli sjuk, du skal ha gode ski. Alt det der. Det er mykje som skal gå din veg.

– Går ikkje til himmels

Landslagstrenar Ole Morten Iversen seier følgjande om forventningane til Fossesholm.

– Ut ifrå det ho har gjort, må ho finne seg i at det er store forventningar til henne. Som trenar er det jobben min å sørgje for at dei ikkje blir overdimensjonerte og sjå bak enkeltresultat. Ho er 19 år, godt trena, men går frå junior- til senioridrett.

– For meg er det då opplagt at det ikkje går til himmels. Ho må ta eitt steg av gongen, men har alle føresetnader for at dette skal gå bra. Målet er at ho skal halde på så lenge som Marit Bjørgen. Då er det greitt å ikkje ha for store forventningar dei første åra, seier han.

Fossesholm

SKAL FORVALTE TALENTET: Landslagstrenarane på damelandslaget, Ola Vigen Hattestad (høgre) og Ole Morten Iversen.

Foto: Geir Olsen / Geir Olsen

Droppar medisinstudiar no

Som fersk på landslaget har Fossesholm teke grep om sin eigen nye kvardag etter det ho kallar «eit køyr» dei siste åra. Ho har levert toppkarakterar på skulebenken, oppnådd toppresultat i skirenn og terrengsykkelritt.

No blir det mellom anna ikkje noko av dei planlagde medisinstudiane med det første. Det søkjer ho utsetjing på.

– Det har vore herleg at det no er meir på premissane mine. Når du kjem heim frå hardøkt, er sliten og ikkje må setje deg ned med skulen, det er herleg.

– Det var samlingar i fjor der eg sat for meg sjølv, gjorde skule og var sliten. Men dette var valfritt. Eg har hatt mål på skulen òg. Då er det det som blir kravd, seier Fossesholm.

Siste nytt

  • Kastet opp før renn – nå legger NM-vinneren opp 

    Landslagsalpinist Markus Nordgård Fossland (25) avslutter karrieren. Han sier følelsen av å risikere livet, samt vedvarende skadeproblemer, ligger bak.

    – Jeg er lettet. Jeg er sinnssykt lettet, sier Fossland til NRK etter å ha fortalt alle at han er ferdig som toppalpinist.

    – Vet du hva du skal nå?

    – Nei! Det er klart det er skummelt, men det er også sinnssykt spennende, svarer han.

    Fossland, som nylig tok NM-gull i super-G, forteller på Instagram at det er hovedsakelig tilbakevendende problemer med ryggen som utgjør en viktig del av beslutningen om å gi seg. Smertene har han hatt i seks år.

    Deretter peker han på at risikoen han tar ved å sette utfor verdens mest krevende alpinløyper også har blitt en stor belastning. 25-åringen sier perspektivet hans rundt dette har endret seg det siste året.

    – Det å kjøre verdenscuprenn i fartsdisiplinene medfører en risiko. Det trodde jeg at jeg var OK med. Å erfare at jeg ikke kan akseptere denne risikoen har vært smertefullt, frustrerende og sjokkerende, skriver Fossland – og fortsetter:

    – Å kaste opp før flesteparten av rennene i år, og følelsen av å sette livet på spill hver helg, har vært tøft. Det å oppdage at jeg ikke gir hundre prosent på renndager, har vært enda tøffere.

    (NTB / NRK)

    World cup alpint utfor Kvitfjell
    Foto: Erik Johansen / NTB
  • Ruud storspilte - klar for semi i Barcelona

    Casper Ruud (25) tok to strake sett 6-4, 6-3 mot Matteo Arnaldi (23) og er klar for semifinale mot Tomas Etcheverry (24) i ATP-turneringen i tennis i Barcelona.

    Casper Ruud tok åpningssettet mot den to år yngre italieneren med 6-4 etter at det svingte stort i starten på kampen med flere brudd begge veier.

    I det andre settet ble det 6-3 til Casper Ruud. Nordmannen brøt til 4-2 og servet det neste inn til 5-2. Arnaldi reduserte til 3-5 med et blankt game, men Ruud tok seg av sitt eget servegame og sikret seg 6-3 i det andre settet. Dermed var kampen over.

    – Dette var ikke lett. Jeg spilte for en plass i semifinalen, og det har jeg ikke klart i Barcelona tidligere. Det var mange brudd i starten og slett ingen enkel kamp. Det har vært et fantastisk år så langt, og jeg håper på enda et par seirer til her i Barcelona før det er over, sa Ruud til TV 2 etter sin 27. seier på årets ATP-tour.

    (NTB)

    Casper Ruud
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Halvorsen sikret norsk OL-plass

    Rifleskytter Ole Martin Halvorsen (24) ble nummer tre i fredagens OL-kvalifisering i Brasil, og sikret Norges sjette OL-plass i idrettsgrenen.

    – Det føles veldig godt nå, men det var hardt å skyte. Det er første gang på pallen individuelt for meg internasjonalt, og det var ikke forventet. Men det er veldig gøy, sier Halvorsen til NTB.

    – Det betyr at vi har mulighet til å delta i alle øvelser med maks antall skyttere. Vi kan blant annet stille to lag i blandet lag. Vi står godt rustet foran OL, sier sportssjef Tor Idar Aune i Norges Skytterforbund til NTB.

    OL-ilden i Paris tennes 26. juli. Dagen etter deles første medalje i skyting ut.

    (NRK/©NTB)

    Ole Martin Halvorsen
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal