NRK Meny
Normal

– Denne studien er godkjend, men av ein annan komite enn den du leia

Det er full forvirring om astmatestinga på friske idrettsutøvarar var godkjend eller ikkje, og i kveldens Dagsnytt 18 var tonen skarp.

Karin Lødrup Carlsen

FORSVARAR FORSØKET: – Det er viktig å forske på kvifor både barn og toppidrettsutøvarar utviklar astma, seier Karin Lødrup Carlsen

Foto: Lise Merete Olaussen / NRK

– Astmamedisin-debatten er komen så langt at barn ikkje lenger vågar å ta astmamedisin, av frykt for å bli skulda for doping, sa overlege og forskar ved barneavdelinga ved Universitetssjukehuset i Oslo, Karin Lødrup Carlsen, i Dagsnytt 18 i NRK P2 i kveld.

Ho kommenterte VGs oppslag om at etikkomiteen i Helse Søraust i 2011 avslo ein søknad om eit forsøksprosjekt med astmamedisin.

– Vi meinte at det var urovekkjande at friske idrettsutøvarar blei utsette for tre ulike medikament, seier Stein A. Evensen til NRK. Han var leiar av etikkomiteen på det tidspunkt.

Men avgjera vart anka og etter kvart gjennomført, men i ei litt anna form. No skulle 90 utøvarar testast – nokre med astma, andre utan.

– Ingen kommentar

– Vi fekk godkjenning til å gjennomføre prosjektet, det er det eg tek utgangspunkt i, seier Lars Tore Ronglan, direktør ved Noregs idrettshøgskole, til NRK.

– Kan du dokumentere at de faktisk fekk lov til å bruke astmamedisin i forsøket, eller kan du ikkje det?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

I ettertid har det blitt publisert ein vitskapeleg artikkel der det går fram at det er brukt astmamedisin på utøvarar i Norge i eit forskingsprosjekt, og at det er godkjent.

– Vi brukte medikamenta til å undersøke lungeaktivitet og astmatiske reaksjonar hos landslagsutøvarar, seier Ronglan.

– Vi opplevde at heile prosjektet vart grave ned. Vi høyrde aldri noko meir om det, seier Evensen.

– Granska ikkje prestasjonsfremming

Dei to møttest også til debatt i Dagsnytt 18 på NRK P2 i kveld. Der slo Ronglan igjen fast at føremålet ikkje skulle vere å fremje prestasjonen til utøvarane.

– Det vi ville, var å undersøke utviklinga av mekanismar for astma. Det vil seie kva som forårsakar utvikling av astma, sa han.

Karin Lødrup Carlsen tok prosjektet sterkt i forsvar.

– Det er viktig å forske på kvifor både barn og toppidrettsutøvarar utviklar astma. Det er i denne settingen denne studien er gjennomført, sa ho.

– Vi er vel samde om at friske menneske ikkje skal ha astmabehandling. Men det er sært å stille spørsmål ved om friske menneske skal delta i forsking. Det er vi heilt avhengige av, og det er heilt vanleg praksis. Det blir ikkje brukt som behandling, men som ein diagnostisk test.

– Denne studien er godkjend, men i ein annan komite enn den du leia, sa Carlsen med adresse til Evensen.

Siste nytt

  • Gode TV-tall for Raw Air

    Drøyt 86 millioner seere verden rundt fikk med seg Raw Air sist vinter. Avslutningsrennet i Vikersund ble alene sett av 20,6 millioner seere. Bare hoppukerennene i Oberstdorf og Garmisch-Partenkirchen ble sett av flere TV-tittere sist sesong, melder NTB.

    Vikersundbakken
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Mexico og Serbia bøtelagt i VM

    Mexico og Serbia har fått over 80.000 kroner hver i bot på grunn av støtende tilrop og upassende oppførsel fra lagenes tilhengere. Bøtene på 10.000 sveitserfranc ble bekreftet av FIFAs disiplinærkomité onsdag.

    Mexico-supportere
    Foto: Anthony Vazquez / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
FIFA Fotball-VM 2018: Danmark - Australia
Sport i dag
FIFA Fotball-VM 2018: Frankrike - Peru
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio