– Det nyttar ikkje å vera godt organiserte, når vi slepp Austerrike til så enkelt, seier NRKs ekspertkommentator Tom Nordlie om Norges to baklengsmål.
Etter ein solid norsk opning laget vart det Austerrike som tok leiinga, etter at Nora Holstad Berge missa på ei klarering. Nina Burger fekk med seg ballen og gjorde ingen feil aleine med keeper. Før scoringa til Austerrike hadde dei norske jentene ein ball i nettet, men scoringa var annullert for offside.
– Det er rett og slett kjempedårleg av meg, eg ser ikkje ballen skikkeleg i sola, men eg skal sjølvsagt få den unna, seier Holstad Berge til NRK etter kampen.
- Les også:
Snudde kampen
Men det tok ikkje lang tid før det norske laget svarte, etter ei kanonkule frå 25 meter av kaptein Maren Mjelde. Laga var like langt etter halvspelt første omgang.
– Eit fantastisk treff med strak vrist, sa Nordlie om scoringa.
Det vart ingen fleire mål i første omgang, og laga gjekk til pause på stillinga 1–1.
Ti minutt ut i andre omgang hadde Norge snudd kampen, etter at Isabell Herlovsen fekk stå umarkert i feltet og heada elegant inn 2–1 scoringa.
– Det var eit veldig godt innlegg som eg berre kunne springa inn, seier Herlovsen om scoringa.
Så vart det nok ein gong ein stor feil i det norske forsvaret, då Laura Feiersinger sette inn utlikninga fem minutt før slutt. Begge midtstopparane gjekk etter ballføraren, og ei pasning vart slått på tvers i feltet til Feiersinger på bakre stolpe og kunne enkelt plassere inn utlikninga.
– Eg er sånn passe nøgd med eitt poeng, for det kunne fort blitt null. Dei hadde sine sjansar i andre omgang, seier kaptein Maren Mjelde til NRK etter kampen.
Før dagens kamp hadde Norge vunne alle kampane i gruppespelet utan å sleppe inn mål.
Norge møter Wales tysdag, og med siger der har Norge har Norge ein fot i neste års EM i Nederland.