NRK Meny
Normal

Meir kvile skal gi Sverre VM-medalje

«Snillare» trening skal gi betre resultat enn fadesen sist skøyteløparane var i Asia.

Sverre Lunde Pedersen

REVANSJELYSTEN: Meir kvile og mindre hardtrening skal gi Sverre Lunde Pedersen overskot til medaljekamp på 5000 m i VM

Foto: JERRY LAMPEN / Afp

– Vi har endra opplegget og kvilt litt meir. Vi har ikkje trena for mykje, slik som før sesongstarten, seier Sverre Lunde Pedersen.

Han er Norges medaljehåp framfor 5000-meteren i distanse-VM på skøyter. Det er første distanse når VM opnar torsdag på neste års OL-is i Pyeongchang.

– Men denne gongen har vi vore meir forsiktige, seier 24-åringen til NRK etter dei første treningsrundane i Gangneung Oval.

Overtrening og degradering

Då verdscupen opna i Asia i november, gjekk det heller dårleg for dei norske. Utover hausten hadde dei trena for hardt, og mangla fullstendig overskot etter den lange reisa til Harbin og Nagano.

For Sverre Lunde Pedersen enda det med degradering til B-gruppa på hans favorittdistanse 5000 meter.

Den tabben har dei prøvd å unngå på Asia-turen denne gongen.

– Det ser det ut til at vi har lykkast med. Svaret får vi ikkje før løpet torsdag, men så langt ser det ut til at vi ikkje har trena for hardt, slik vi gjorde i haust, seier Pedersen, som også satsar på 1500 m.

– Men der er eg meir usikker. Der er det mange som er gode, og det blir veldig jamt.

– Går for medalje

No ser han fram mot 5000-meteren.

– Eg går for medalje. Eg er nok i same situasjon som i fjor, då eg var ein utfordrar, seier Pedersen. Den gongen blei det bronse.

Under EM for ein månad sidan mista han bronsen etter totalkollaps på 10.000 meter. Men sidan har forma vore stigande.

I verdscupen i Berlin blei han nummer seks på 5000 m, men berre 3,8 sekund bak vinnaren.

På distansen i Gagneung Oval skal Pedersen gå allereie i 4. par mot japanske Shane Williamson.

Dei tøffaste konkurrentane kjem i dei tre siste av dei 10 para: Douwe de Vries mot Peter Michael, Sven Kramer mot Jorrit Bergsma og Patrick Beckert mot Ted-Jan Bloemen.

Rask is

– Eg har absolutt sjanse til medalje. I så fall får eg ein god start på helga, og kan byggje vidare på det, seier Pedersen, som meiner isen i Korea er rask.

– Eg vil gå ut på rundetider på 29,6 – 29,7 og sjå kor lenge eg held. Då blir det ei god tid.

Og Pedersen ser framover mot OL.

– Eg vil få med meg gode opplevingar herfrå no, før vi skal tilbake hit om eit år, seier Sverre Lunde Pedersen.

Siste nytt

  • Tvang frem syvende NBA-semifinale

    Regjerende NBA-mester Golden State Warriors snudde et truende nederlag til 115-86-seier mot Houston.

    Dermed tvang de fram en sjuende og avgjørende kamp i NBA-semifinalen. Det står 3–3 i kamper.

    Vinneren av mandagens kamp, tar seg til NBA-finalen.

    Rockets Warriors Basketball
    Foto: Ben Margot / AP
  • Solberg leder på Silverstone

    Petter Solberg leder etter første dag i VM-runden i rallycross på legendariske Silverstone lørdag.

    Etter to innledende runder leder østfoldingen foran svenskene Mattias Ekstrom og Timmy Hansen.

    Solberg vant den første runden og kjørte inn til tredjeplass i den neste.

    RALLYCROSS-FRA-MOTOR-RACE
    Foto: LOIC VENANCE / AFP
  • Chris Froome sikret seieren

    Chris Froome sto imot alle angrep på siste fjelletappe i Giro d'Italia og forsvarte den rosa ledertrøya. Søndag sykler han i mål i Roma som sammenlagtvinner.

    Froome vil dermed være regjerende mester i alle de tre Grand Tour-rittene.

    Chris Froome
    Foto: LUK BENIES / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppserien: Superhelg
Toppserien fotball kvinner: Lyn - Grand-Bodø
Toppserien: Lyn - Grand-Bodø
Toppserien: Superhelg
Toppserien: Vålerenga - Trondheims-Ørn
Sportssøndag: Rapporter fra Vålerenga - Trondheims Ørn
VM rallycross
Toppserien: Superhelg
Toppserien: LSK Kvinner - Avaldsnes
Sportssøndag: LSK Kvinner - Avaldsnes
4-4-2 Radiosporten