Forren-nei til Club Brugge

Den utanlandske klubben Molde har vore i forhandlingar med er Club Brugge, skriv Avisa Sør-Trøndelag. Vegard Forren skal derimot ha takka nei.

Vegard Forren

Vegard Forren skal ha takka nei til belgiske Club Brugge.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Øystein Neerland

Sportsleg leiar i MFK, Øystein Neerland, vil verken stadfeste eller avkrefte om Molde har akseptert eit bod frå belgiske Club Brugge.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Vi ventar og ser til noko blir klart. Det er ikkje poeng i å kommentere alle utsegn.

– Men vi konstaterer at han er Molde-spelar per dags dato.

Det seier sportsleg leiar i Molde FK, Øystein Neerland.

Stor interesse

Vegard Forren var i søkelyset gjennom heile 2012-sesongen.

Han storspelte i Tippeligaen, og herja mot europeisk motstand i Stuttgart, København og Steaua Bucuresti.

Mange utanlandske klubbar har meldt si interesse, der engelske Everton har blitt hyppigast nemnt.

No skal den mest interesserte klubben, ifølgje Avisa Sør-Trøndelag, vere belgiske Club Brugge.

Landslags-nei på grunn av forhandlingar

Onsdag meldte Forren forfall til landslaget, som reiser til Sør-Afrika 6. januar.

Dei seinare gjekk Molde-manager ut og fortalte at Forren og Molde no var i sluttforhandlingar med eit utanlandsk toppklubb.

I går torsdag meldte Sky Sports at det var Fulham som stod på randa av å sikre seg signaturen til trønderen. Det tilbakeviste derimot Molde til rbnett.no.

Vegard Forren

Vegard Forren, her i sine tidlege dagar i Molde FK, er på veg vekk. Ifølgje Avisa Sør-Trøndelag har han derimot takka nei til Club Brugge.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Nei til Belgia

Avisa Sør-Trøndelag skriv fredag ettermiddag at Club Brugge er den involverte klubben.

«Ifølgje ei svært sentralt plassert kjelde som vi har vore i kontakt med, skal det vere den belgiske toppklubben Club Brugge som er den mystiske klubben. Bodet på hemnværingen skal ha vore så godt at Molde ikkje kunne avslå»

24-åringen sjølv skal derimot ikkje vere interessert.

For sjølv om bodet, ifølgje avisa, blei akseptert av Molde, vil ikkje midtstopparen til Belgia.

Han er ikkje interessert i å gå vidare i forhandlingar, skriv avisa.

Stilt om kor vidt det er Club Brugge

I Molde er sportsleg leiar Neerland ordknapp.

– Kan du bekrefte eller avkrefte at Molde har akseptert eit bod frå Club Brugge?

– Eg ønskjer ikkje å gå nærmare inn på enkeltsaker i dette med overgangar.

– Ole Gunnar Solskjær sa, like etter landslagsforfallet, at Molde var i avsluttande samtalar med eit utanlandsk klubb. Er dette framleis stoda?

– Det er ei interesse for Vegard. No er overgangsvindauget ope, og skjer det noko skjer det i januar. Vi ser kva som kjem og er svært opne for å gi Vegard den moglegheita han definitivt fortener. Så får vi sjå om tilbod og totalpakken er god nok for alle partar, avsluttar Øystein Neerland.

Siste nytt

  • Norge VM-åpner mot Russland

    Norge møter Russland i sin første kamp i neste års ishockey-VM i Slovakia. Kampen går i Bratislava 10. mai. To dager senere er Sverige motstander, mens Sveits venter 15. mai. På Norges nasjonaldag 17. mai er det kamp mot Østerrike, mens Italia står på menyen dagen etter. Norge avslutter gruppespillet mot Latvia 21. mai.

    Ishockey
    Foto: Geir Olsen Lillehammer NOR, Geir Olsen / NTB scanpix
  • Elofsson rammet av hjerneslag

    Den tidligere svenske langrennsstjernen Per Elofsson (41) forteller i et Instagram-innlegg at han ble rammet av et hjerneslag for tre uker siden. – Forsto at noe var alvorlig galt og har siden knapt kunnet gå på toalettet selv, skriver han.

    Elofsson
    Foto: Anders Wiklund/SCANPIX / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag