– Eg kom ikkje til VM for å kjempe om 19.-, og 20.-plassar. Sjølvtilliten får jo seg ein trykk. Det er jo ikkje noko artig å ha sine svakaste renn på fleire år når det er VM.
Ingvild Flugstad Østberg smiler tappert frå podiet på pressekonferansen i Lahti. Ho er tydeleg prega av den skuffande VM-starten med 19.-plass på skiathlon og 22.-plass på sprinten.
Gjøvik-jenta har ikkje vore så langt nede på resultatlistene sidan tremila i Holmenkollen i 2015 (21.-plass).
– Høgde er den sikraste oppskrifta
Før VM valde ho saman med fleire av landslagsløparane å lade opp i låglandet på Sjusjøen.
Alle dei tre medaljevinnarane frå 15 kilometer skiathlon (Bjørgen, Pärmäkoski, Kalla) gjorde som Noregs skilandslag har hatt tradisjon for i ei årrekkje, dei førebudde seg i høgda opp mot 2000 meter.
– Det er fullt mogleg det har hatt ein innverknad. Eg skal ikkje sjå bort frå det, men det er for tidleg å konkludere med det. Eg trur eg har god form, seier Østberg til NRK.
NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn er klar på kva han meiner er den sikraste gulloppskrifta.
– Framleis meiner eg at den beste oppladinga er ein miks av konkurransar i låglandet, i tillegg til jamlege besøk i høgda. Det er det dei tre medaljevinnarane har gjort og den sikraste oppskrifta, meiner Bjørn.
– Ikkje vore seg sjølv sidan Tour de Ski
Men Bjørn er ikkje like sikker på at det er det som har gjort at Østberg har bomma på forma.
– Eg trur ikkje det er det som er problemet til Ingvild nå. Ho har sett mindre kraftfull i gåinga i vinter og ikkje vore i sitt rette-eg sidan Tour de Ski.
Landslagstrenar Roar Hjelmeset meiner det heile høyrest verre ut enn det er.
– Eg synest folk dramatiserer det veldig. Forma forsvinn ikkje i løpet av ei veke, men tankane hennar blir retta litt i negativ retning. Men ho veit kva ho har gjort og eg trur ho kjem sterkare tilbake i VM, seier trenaren.
Må prestere for å få gå stafett
Den fyrste sjansen på å slå tilbake får Østberg i morgon. 10 kilometeren blir heilt avgjerande om Lahti-VM blir ein fiasko eller ei.
– På normalt nivå skal ho vere i medaljekampen, men skulle det vise seg å gå like tungt i morgon som i dei fyrste renna, er ho langt unna toppformen. Ho er heilt avhengig av å gjere eit godt renn både for å få igjen sjølvtilliten og få ein plass på stafettlaget, meiner Bjørn.