Sainz og dei andre Formel 1-førarane sit godt beskytta i dei superraske Formel 1-bilane. Medan dei sit stroppa fast dundrar bilen opp og ned på asfalten.
Det tærer på kroppen.
– Kor mykje skal ryggen og helsa til førarane lide i karrieren på grunn av bilfilosofi? spør Sainz ifølgje BBC.
TV-bileta frå Formel 1 visar korleis hjelmen går som ei nål i symaskina.
«Hoppande» bilar
Nye reglar rundt aerodynamikk vart innført før sesongen. Det var for å gjere forbikøyringane enklare, men ny utforming av bilane gjer at dei sprett meir enn før.
Fenomenet blir kalla «porpoising» og det skjer når bilen kjem opp i ekstreme hastigheiter, og då sprett bilen opp og ned etter kvart som marktrykket kjem og forsvinn.
FULL FARE: Ferrari-førar Sainz på testing før denne sesongen.
Foto: Joan Monfort / APSainz seier at han likar dei nye reglane, men at det har teke på for nakke og rygg dei siste vekene. Kroppen er forverra frå tidlegare sesongar.
– Eg har gjort rutinesjekk av ryggen og stivleik i nakke, og i år er musklane strammare overalt. Ein treng ikkje vere ekspert for å skjønne at ti år med dette kjem til å bli røft, seier Sainz.
Det er ekstra spenning rundt Ferrari-stjerna denne helga, sidan løpa blir køyrde på heimebane i Barcelona.
– Kjensla gir meg ekstra spenning. Eg håpar det gir meg eit løft, seier Sainz i eit intervju med arrangøren.
– Velkommen etter
Etter svake resultat slo Sainz tilbake med pallplass i Miami førre løp. No kjenner han seg heime både i Spania og i førarsetet.
Det har ikkje vore tilfellet for Lewis Hamilton. Sprette-problemet har vore størst for Mercedes; bilane deira ser ut til å bli meir prega av dei nye reglane enn konkurrentane sine.
DISTANSERT: Lewis Hamilton slit meir med bil enn stil.
Foto: LLUIS GENE / AFPSuperstjerna har rasa ned på listene. Tredjeplassen i sesongopninga er Hamiltons beste resultat etter fire løp.
– Velkommen etter, seier Fernando Alonso, veteran i feltet.
Han er tidlegare verdsmeister og lagkamerat med Lewis Hamilton, og meiner det ligg i naturen til sporten at det same laget ikkje alltid har best bil.
– Lewis er ein like god sjåfør som dei siste åtte åra. No køyrer han ei formidabel runde, og likevel er han sekundet bak. Vi ser at det er viktig å vere ein god sjåfør, men ikkje avgjerande, seier Alonso til BBC.
– Av og til har du ein betre bil, nokre gonger har du ein litt svakare og må kjempe hardare for å komme deg framover.
I VM-samandraget er Lewis Hamilton nummer seks. Charles Leclerc leiar framfor fjorårsvinnar Max Verstappen.
– Vi har mykje igjen på tanken, seier Verstappen i eit intervju med arrangøren.
PÅ TOPP: Charles Leclerc leiar VM-samandraget.
Foto: GABRIEL BOUYS / AFP