Riiber leia nemleg etter første omgang, men greidde ikkje heilt å følgje opp som sistemann i finaleomgangen. Det blei 125 meter og delt andreplass med Joachim Ødegaard Bjøreng, 1,9 poeng etter vinnaren.
Og det var ein veldig glad vinnar NRK møtte på sletta då resultatet var klart.
– Eg er utruleg fornøgd med hoppinga i dag, og kjenner at det har gått lett i alle hoppa. Det er godt å vinne, sa gullvinnar Forfang.
Han tok sitt første NM-gull etter fire sølv på rad.
– No sat den, sa Forfang.
Han låg på andreplass etter første omgang, 4,4 poeng bak Jarl Magnus Riiber, som før rennet sa at han ville bli svært nøgd pom han skulle greie å kome på topp 5.
– No er det nesten litt surt
– Men no er det nesten litt surt med sølv, sa han etter rennet. Han ergra seg mest over nedslaget i det første hoppet, eit nedslag som kosta han fleire stilpoeng.
– Dei poenga blei avgjerande. Men eg var veldig nervøs før sistehoppet og greidde ikkje å slappe av. Men dette er fin læring før OL, sa Riiber, som altså var berre 1,9 poeng frå NM-tittelen.
Verdscupleiaren i kombinert var førstemann utfor i rennet. Han slo til med 133 meter, noko som skulle vise seg å bli det suverent lengste i omgangen, sju meter lenger enn det nest lengste. Han var djup og stiv i nedslaget, og stilkarakterane blei så som så.
Likevel heldt han unna for landslagshopparane som hoppa mot slutten av omgangen, og leia med 4,4 poeng på Johann André Forfang etter at omgangen var over.
– Eg trur eg er inne på noko, sa Riiber då NRK bad han om å kommentere hoppet.
– Det hadde vore veldig stas med medalje i hopp-NM, og å kunne gi dei andre kamp, la han til.
Seier ja om han får OL-tilbod
Han skal sjølvsagt til OL som kombinertløpar, men kunne han tenke seg å stille i spesialhopp også, om han blir spurd?
– Eg er der jo, dersom nokon skulle ha bruk for meg. Men det er mange hopparar der som er mykje betre enn meg, sa Riiber.
– Men om du får tilbod og det er ein plass til deg?
– Ja.
Fleire av landslagshopparane stilte ikkje. Daniel Andre Tande og Fredrik Willumstad har testa positivt på korona, og Marius Lindvik stod også over på grunn av nærkontakt, trass i at han testa negativt før rennet.