– Naturlegvis blei eg redd. Det er ein naturleg reaksjon, fortel Johann André Forfang til NRK.
Kollapsen før lagkonkurransen søndag var det alle ville spørje om på dagens pressekonferanse med hopparane. Men 21-åringen ville ikkje seie kva som var den direkte årsaka til at han svima av.
– Det er ei privatsak.
– Kan skje kven som helst
Til NRK fortalde Forfang i går at han ynskte å halde vekta nede etter å ha vege seg med ski tidlegare på dagen.
– Det var for ikkje å ha dødvekt. At eg lét vere å drikke vatn for ikkje å vege meir enn nødvendig. Eg blei stressa og fekk blodtrykksfall, sa Forfang.
Landslagets medinsiske koordinator Lars Haugvad hevdar ikkje det var vektpining som var årsaka til gårsdagens dramatiske hending.
– Å svime av kan skje kven som helst, opp mot 30 prosent av Noregs befolkning kan svime av i løpet av ein dag. Dette har ikkje noko direkte årsak med vekt eller ernæringsstatus.
Han fortel også helseteamet er nøye på å fylgje opp kva hopparane får i seg i løpet av ein konkurransedag.
– Kvar einaste dag melder utøvarane inn til meg om energinivå, trening og helsestatus. Dette handlar ikkje om vektpining, seier Haugvad.
Slankar seg i kontrollerte former
Veteran Tom Hilde fekk spørsmål om han har drive med vektpining før konkurranse.
– Mange gonger. Men det blir gjort i samråd med mange menneske med kompetanse på området. 90 prosent av befolkninga prøvar å slanke seg, og det gjer me også. Men me gjer det i kontrollerte former, seier Hilde med eit smil.
Smil og latter blei det også da hopparane fekk spørsmål om kva dei faktisk kan ete.
– Eg er veldig glad i godteri, men kan ikkje ete det kvar dag. Og det er vel kanskje litt vanleg, ler Anders Fannemel.
– Folk flest reagerer på kor mykje me faktisk et. Eg får spørsmål om kvifor eg kan ete kake før renn, men det er berre å putte den i munnen det, seier Tom Hilde til latter frå salen.
Tilbake i slag
NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen meiner ein må pushe dei aller minste marginar når ein kjempar i toppen.
– Eg trur det her var litt meir udramatisk enn det verkar som. Toppidrett er små marginar, seier Evensen.
Forfang var i gang igjen i hoppbakken i går, og fortel at han føler seg som normal igjen.
– Eg følte meg ganske fort kvikk, eg var sjølvsagt litt slapp i muskulaturen, men eg kom kjapt til meg sjølv, fortel Forfang.
Hopparane har kvalifisering til torsdagens storbakkerenn i morgon ettermiddag.