NRK Meny
Normal

LSK foreslår 50 mill til kvinneklubbane: – Bør kunne få meir for tv-rettane

LSK Kvinner foreslår overfor fotballtinget at NFF skal løyve 50 millionar kroner årleg til klubbane i Toppserien og 1. divisjon for kvinner.

LSK Kvinner

TOPPKLUBB: LSK Kvinner har vore Norges klart beste kvinnelag dei tre siste åra, men er saman med andre norske lag langt unna europatoppen. Her på veg mot siger heime mot Paris Saint-Germain i haust. LSK har 10 mill i budsjett (derav 6 mill frå styreleiar og hans firma), PSG har over 60 mill

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Vi meiner dette er nødvendig. I dag er Norge ein B-nasjon i klubbfotball for kvinner, med fare for å bli C-nasjon, seier styreleiar Per Berg i LSK Kvinner til NRK.

Kvinner utgjer rundt 30 prosent av alle fotballspelarar i Norge.

Gjennom selskapet Fotball Media blir klubbane på herresida støtta årleg med 250 millionar kroner. Toppserien og førstedivisjon for kvinner får direkte overført frå NFF omtrent 17 millionar, noko som er rundt 7 prosent av det herrane får, opplyser Berg.

Fotball Media er eigd 50–50 av NFF og Norsk Toppfotball.

– Rettane gitt bort gratis

– Fotball Media forvaltar medierettane også for Toppserien. Men så vidt vi har fått opplyst, er dei rettane gitt bort gratis for 2016, seier han.

Det meiner han er for dårleg. Og det er fordi han meiner Fotball Media ikkje har gjort nokon særleg innsats om å få inn pengar for kvinnefotballen.

– Etter mi meining har verken Fotball Media eller NFF gjort eit skikkeleg forsøk på å få pengar for tv-rettane. Dei må gjere ein heilt annan innsats, seier Per Berg.

Det er eit bilete dagleg leiar Knut Kristvang i Fotball Media ikkje kjenner seg igjen i.

Ti kampar årleg på NRK

– Vi meiner vi jobbar kontinuerleg med å utvikle medieproduktet Toppserien, i samarbeid med Serieforeningen for kvinnefotball. I år har vi for første gang produsert og strøyma direkte dei aller fleste kampane. For å skaffe inntekter ved sal av rettar må produktet Toppserien utviklast til ein høgare kommersiell verdi. Vi har løpande kontakt med aktuelle medieaktørar i Norge om dette.

– Men førebels har Toppserien som enkeltståande produkt ikkje høg nok verdi til å gi nettoinntekter. Det er vår ambisjon å få dette til, seier Kristvang.

NRK sender dei ti beste Toppseriekampane kvart år, som ein del av pakken dei har kjøpt for perioden fram til 2021. Pakken omfattar også cupen både for menn og kvinner, og kvinnelandslaget sine kampar.

– Det er ein totalavtale, og vi kan ikkje seie akkurat kor mykje som gjeld for dei enkelte rettane i avtalen, seier Kristvang.

– Vi er i stadig kontakt med medieselskap om sending og produksjon, men har førebels ikkje funne nokon som er villig til å ta på seg kostnadene, seier Kristvang.

Fotballtinget i mars skal ta stilling til LSKs forslag:

Fotballpresidenten: – Ikkje råd til meir

LSK har vore Norges suverent beste kvinnelag dei siste sesongane, og har vunne serie og cup tre år på rad.

Fotballpresident Terje Svendsen kommenterte det overfor NRK med å seie at NFF ikkje har råd til å løyve meir til kvinnefotballen.

– Det engelske fotballforbundet brukar 11,8 millionar kroner på dei to øvste ligaene. I Sverige brukar dei 12,2 millionar kroner. Til samanlikning brukar NFF nesten 25 millionar, sa Svendsen.

Siste nytt

  • Tre strake for Kokslien

    Mikko Kokslien vant tre renn på rad i Colorado i USA i helgens kontinentalcup i kombinert.

    Tre seirer på rad gjør at han også leder kontinentalcupen suverent sammenlagt, melder NTB.

    Holmenkollen skifestival. 10 km. kombinert
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Barcelona har luke

    Barcelona cruiset inn til 4-0-seier hjemme mot Deportivo La Coruña søndag. Luis Suárez og Paulinho ble begge tomålsscorere for den spanske La Liga-lederen. De leder med seks poeng på Atletico Madrid.

    Luis Suárez
    Foto: Stanley Chou / Getty Images

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Uttak landslagstroppen til håndball-EM for menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm, menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn