NRK Meny
Normal

Meiner ekstra Vikersund-renn er fordel for Norge

– Det er det absolutt, svarar landslagstrenar Alexander Stöckl på spørsmål om det er ein fordel for dei norske hopparane at Holmenkollrennet blir erstatta med eit ekstra skiflygingsrenn.

Vikersund hoppbakke

FORDEL: Landslagssjefen meiner det er bra for dei norske hopparane at erstatningsrennet for avlysninga i Kollen går i ein skiflygingsbakke

Foto: Odd Vegard Kandal / NRK

Alexander Stöckl

POSITIVT: – Vi har gode skiflygarar som likar seg i skiflygingsbakkar, ikkje minst i Vikersund, seier Alexander Stöckl

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det internasjonale skiforbundet bestemte i går kveld at det skal arrangerast eit ekstra renn i Vikersund fredag, som erstatning for det avlyste Holmenkollrennet.

Det betyr at rennet i 134-metersbakken i Kollen blir skifta ut med eitt i 225-metersbakken i Vikersund.

Det har ikkje landslagssjefen det minste imot.

– Hopparane gler seg stort til å hoppe i Vikersund. Det er den største skiflygingsbakken i verda, og vi har gode resultat der dei siste åra, seier Stöckl til NRK.

Det var der Anders Fannemel sette verdsrekord med 251,5 meter i fjor. No blir det eit renn ekstra i kjempebakken, i tillegg til dei planlagde renna laurdag og søndag.

Sjå Fannemels rekordhopp (artikkelen held fram under videoen)

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

Gode resultat i VM

– Det er positivt for oss. Vi har gode skiflygarar som likar bakken, seier landslagssjefen, og minner om gode norske resultat i skiflygings-VM i Kulm tidlegare i vinter. Der tok Kenneth Gangnes sølv individuelt, og Norge var knusande overlegne i lagkonkurransen.

– Vi har fleire som kan gjere det godt i Vikersund, og det er alltid ein fordel når fleire kan henge med i toppen, seier Stöckl.

Hopparane reiste til Trondheim i går for å hoppe verdscup i Granåsen – kvalifisering i kveld og renn onsdag. Så reiser dei til Norefjell, der dei skal ha base i Vikersund-helga. Som altså no omfattar tre renn.

Tøft program

– Det er eit nokså tett program, ja. Derfor er det viktig å gi dei nok tid imellom til å restituere, ikkje legge inn andre ting enn skihopping.

– Andre ting som kva då?

– Som sponsoropplegg og ekstra fysisk trening. Det treng vi eigentleg, men no er det viktigare å vere klar for skiflyging, seier Alexander Stöckl.

Det er iallfall meldt strålande sol og kaldt vinterver i Vikersund i helga.

Siste nytt

  • Ni Bulatovic-mål holdt ikke

    Katarina Bulatovic scoret ni mål for Montenegro, men det var Allison Pineau og Frankrike som tok seieren i VM-kvartfinalen i håndball tirsdag kveld.

    Frankrike vant til slutt 25–22, og møter Sverige i semifinalen fredag.

    Allison Pineau
    Foto: Hendrik Schmidt / AFP
  • Burnley klatret til fjerdeplass

    Et sent mål av Ashley Barnes sikret Burnley 1-0-seier over Stoke tirsdag kveld.

    Seieren gjør at Burnley klatrer forbi Liverpool, Arsenal og Tottenham, og legger seg på fjerdeplass i Premier League – med én kamp mer spilt enn lagene bak.

    Burnley's
    Foto: Paul Ellis / AFP
  • Willian lekte seg mot Huddersfield

    Willian scoret ett og var nest sist ballen på to mål da Chelsea vant 3–1 borte mot Huddersfield tirsdag kveld.

    Tiemoue Bakayoko, Willian og Pedro ga Chelsea ledelsen 3–0 før Laurent Depoitre stanget inn et trøstemål på overtid.

    Willian
    Foto: Andrew Yates / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM svømming kortbane: Forsøksheat
EM svømming
EM svømming kortbane: Semifinaler og finale
OL-profiler: Ole Einar Bjørndalen
EM svømming
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland