– Kor langt hoppa eg, eigentleg? måtte han spørje etterpå.
– Nei! Var det så langt? spurde han vantru då han fekk vite svaret. – Det er det artigaste eg har gjort i heile mitt liv. Men dte blir vanskeleg å toppe dette no, la han jublande til.
236 meter er berre drygt 10 meter bak verdsrekorden som Johan Remen Evensen sette i den same bakken for fire år sidan, 246,5 meter.
– Heilt rått
Han skalv og klarte nesten ikkje å stå i ro nede på sletta då det hadde gått opp for han kor langt han hadde hoppa. – Det var heilt rått, det kan ikkje beskrivast, jubla Søberg.
Søberg skal vere prøvehoppar i skiflygingsrenna i helga. Han har aldri før sett utfor i ein skiflygingsbakke, og hans personlege rekord var «berre» 136 meter. Den forbetra han med nøyaktig 100 meter i dag.
Hoppet er det sjuande lengste av ein nordmann nokonsinne. Johan Remen Evensen (3 gonger), Anders Fannemel, Rune Velta og Bjørn Einar Romøren er dei einaste norske hopparane som har slått Søberg.
Var ekstremt nervøs
– Eg var ekstremt nervøs då eg sat på bommen, sa han til NRK like etter hoppet.
– Eg prøver å kome lågt nok, men blir litt for sein. Derfor måtte eg berre «gønne» etter på ein måte. Og det funka bra, det.
– Men eg hugsar ingenting frå eg hoppa til eg var midt i bakken.
– Landing ingen problem
– Korleis var det å lande?
– Ikkje noko problem. Eg kan hoppe mykje lenger, seier han.
– Kva blir neste steg?
– Å hoppe endå lenger. Det hade vore tøft å bli førstemann over 250 meter. Det er langt dit, men eg kan prøve.
Når NRK intervjuar han, har han fått eit skjema i handa.
– Ja, det er visst ei spørjeundersøking om opplevingar i skiflyging. Det blir nok bra, det.









