NRK Meny
Normal

For ein jubeldag!

VM-sesongen kunne ikkje ha starta stort bedre for norsk skisport. Sjå høgdepunkta frå den store dagen!

Norge

Marit Bjørgen, Magnus Moan, Aksel Lund Svindal og Martin Johnsrud Sundby sørga for ein super sesongstart for norsk skisport.

– Det var spesielt moro å sjå Magnus Moan, som på mange måtar har slitt i eit par sesongar, endeleg lukkast med det han gjør, seier skipresident Erik Røste til NRK.no.

Han har vanskeleg for å sette eitt høgdepunkt framfor alle dei andre gode norske prestasjonane på den første store vintersportdagen for sesongen.

Det er fordi:

Alt dette skjedde i tillegg til Moan sin etterlengta siger i kombinert.

– Det betyr så mykje for meg å stå her igjen og å vere nummer ein. Det har vore to harde år med mykje sjukdom og skader, sa ein tårevåt Moan etter å ha spurtslått profilen Jason Lamy-Chappuis.

  • VIDEO: Moan til topps etter sterk sluttspurt (saka held fram)
Magnus Moan vant kombinertrennet på Lillehammer.

Sjå den spennande innspurten mellom Magnus Moan og Jason Lamy-Chappuis.

NRK-kommentator: – Dette er dagens norske prestasjon

Erik Røste

MED GOD GRUNN TIL Å GLISE: Skipresident Erik Røste.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Og rørande var det gjerne for mange skifans å sjå nordmenn lukkast i bakken og i sporet.

– Alt dette er fenomenale prestasjonar, slår skipresident Røste fast, og held fram:

– Det er alltid godt å få ein god start. Då veit du at det gror godt, sjølv om det skulle komme trøblete periodar seinare i sesongen.

Gjennom heile laurdagen har dei store prestasjonane komme slag i slag, men den aller største skjedde ikkje før på kvelden, meiner alpintkommentator Andreas Toft.

For han er Aksel Lund Svindal sin utfortriumf, kanskje ikkje så overraskande, det aller største høgdepunktet.

– Vi hadde kjempestore forventningar til han. Det overraskande var ikkje at han vann, men at han knuste konkurrentane. Triumfen i verdsidretten alpint er dagens prestasjon, seier Toft.

– Svindal forsyner seg av eit bord som er dekka for nettopp han denne sesongen. Didier Cuche (lagt opp) og Beat Feuz (skada) er ikkje med. Samtidig blir hans sterkaste konkurrent, Klaus Kröll (nummer to), sett kraftig på plass i Lake Louise.

  • VIDEO: Aksel Lund Svindal knuste konkurrentane i utfor (saka held fram)
Aksel Lund Svindal hadde noen små problemer på veg ned løypa i Lake Louise, men tok allikevel ledelsen i mål.

Sjå Aksel Lund Svindal fosse ned til triumf i Lake Louise.

«Alle» hyllar Moan

Men heller ikkje Toft kjem unna å skryte kombinert-Moan opp i skyene.

– Totalt sett har det vore ein ny fantastisk norsk vinteridrettsdag. I langrenn forventar ein det kanskje. I hopp var Bardal sin tredjeplass noko ein kunne håpe på.

– Men i kombinert er det meget imponerande at Moan kjem tilbake og gjør det han gjør, slår Toft fast.

  • VIDEO: Martin Johnsrud Sundby vant i Gällivare (saka held fram)
Se innspurten til Martin Johnsrud Sundby her.

Sjå Martin Johnsrud Sundby vinne sitt aller første skøyterenn i verdscupen.

– Velding, veldig godt jobba av alle i norsk skisport

I påvente av ein ny stor raud, kvit og blå dag har skipresident Røste tatt seg tid til ein aldri så liten markering.

– Eg har tatt eit glas vin, men er nøktern i så måte. I morgon er konkurransane i gang igjen, så feiringa har ikkje blitt stor, seier Røste.

Og nesten uansett korleis det går sundag kan han truleg konkludere med at vintersesongen har starta fenomenalt godt for Norge.

– Eg vil gratulere utøvarane som har gjort det veldig bra, men også dei i teamene rundt. Det er mange som jobbar for norsk skisport, og etter i dag kan ein seie at jobben som blir gjort er veldig, veldig bra, avsluttar skipresidenten.

  • VIDEO: Marit Bjørgen og Therese Johaug sikra «dobbelt norsk»
Marit Bjørgen vant 10 km fri teknikk i Gällivare.

Sjå Bjørgen vinne framfor Johaug i Gällivare.

Siste nytt

  • Han kan smile for siste plassen

    FC København slo AGF 4-1 og tok Danmarks siste plass i kvalifiseringa til europaligaen neste sesong.

    Ståle Solbakkens klubb redda dermed årets sesong frå nærmast katastrofe, og kan framleis skryte av å ha vore i europa-kvalifisering kvart år sidan 2001.

    Ståle Solbakken
    Foto: Anders Kjærbye / NTB scanpix
  • Chris Froome vann og leiar

    Chris Froome stakk åtte mil før mål og vann dagens fjelletappe i Giro d'Italia med tre minutts margin. Han overtok også leiartrøya frå Simon Yates som kollapsa totalt.

    Froome leier no med 40 sekund på Tom Dumoulin som no er nr 2.

    Rittet blir avslutta søndag.

    Chris Froome
    Foto: LUK BENIES / AFP
  • Ruud møter Jordan Thompson

    Casper Ruud skal møte australske Jordan Thompson (24) i første runde i Roland Garros-turneringa i tennis. Thompson er rangert som nummer 85 i verda. Kampen går måndag eller tysdag.

    Casper Ruud
    Foto: Vincent Thian / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppserien: Superhelg
Toppserien fotball kvinner: Røa - Arna-Bjørnar
Toppserien: Røa - Arna-Bjørnar
Toppserien: Superhelg
Toppserien: Kolbotn - Klepp
Toppserien fotball kvinner: Kolbotn - Klepp
4-4-2 med Schau og Aune
Toppserien: Superhelg
Toppserien: Stabæk - Sandviken
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune