Hopp til innhold

Slåst for å kome nær Maradonas kiste

Det kom til samanstøytar mellom sørgjande fotballtilhengarar og politi då publikum fekk tilgang til Diego Maradonas båre i presidentpalasset i Buenos Aires i dag tidleg.

TV-bilete viser korleis dei sørgjande tilhengarane riv ned sperringane som skal ordne køene inn til Maradonas kiste i Patriot-rommet i presidentpalasset, og konfrontasjonen med politiet. Fleire hundre politifolk var utplassert i området rundt alasset.

Publikum blei sleppt inn i grupper, og kvar gong politiet stengde inngangen etter ei ny gruppe, kom det til nye samanstøytar, melder Clarin Sport.

– Politioperasjonen liknar på å komme inn på eit tribunefelt ein travel kampdag, skriv avisa.

Folk stilte seg i kø utanfor presidentpalasset allereie då Diego Maradonas båre kom dit i natt.

Klokka 11, norsk tid, opna dørene, og folket tok til å gå sakte forbi kista til den argentinske fotballstjerna som døydde i går.

For sakte, meinte mange, som blei utolomodige. Det førte til handgemeng mellom tilhengarane og politiet som skulle passe på den lange køen på utsida.

Sorg i Argentina i natt

Diego Maradona

D10S: Kombinasjon av ordet "dios" og Maradonas draktnummer 10 prega hyllesten i gatene

Foto: Juan Mabromata / AFP

Og verda rundt har fans, spelarar og andre mintest den argentinske nasjonalhelten som døydde onsdag.

Fleire tusen argentinarar, mange i tårer, tok seg til palasset i Buenos Aires der Maradona skal ligge på lit de parade, synleg for alle som vil ta eit siste farvel med fotballikonet.

Her passerer fansen båra for eit siste farvel med Diego Maradona:

AP 4299176: Fans file past Maradona coffin to pay last respect

AP 4299176: Fans file past Maradona coffin to pay last respect

Båra er plassert i Patriothallen i presidentpalasset, og publikum slapp inn frå klokka 11.00 i dag (norsk tid), melder Buenos Aires Times.

Regjeringa reknar med at opptil ein million meneske kjem til å møte fram for å gå forbi båra dei to eller tre neste dagane.

Klokka 22 lokal tid eksploderte byen i ein kakofoni av horn, sirener, lys og roping, etter at det på sosiale media blei bedt om ei siste helsing frå folket.

Banner med teksten «D10S» var godt synleg over alt. Det er ein kombinasjon av ordet dios, som betyr gud på spansk, og talet 10, som var Maradonas draktnummer.

Landesorg

Argentinas president Alberto Fernández har erklært landesorg i tre dagar.

– I dag er ein ekstra trist dag for alle argentinarar, sa Fernández.

Allereie få timar etter at han døydde, blei det bestemt at han skulle leggast på lit de parade i presidentpalasset.

Samstundes samla store folkemengder seg også ved stadionet til Argentinos Juniors, klubben der Maradona slo gjennom som profesjonell fotballspelar. Arenaen ber naturleg nok namnet Diego Maradona Stadion.

Folk samlast ved Diego Maradona stadion

FYRVERKERI: Også ved Diego Maradona Stadion i bydelen Boca samlast tusenvis av folk seg for å minnast nasjonshelten

Foto: Ronaldo Schemidt / AFP

Diego Maradona døydde av hjarteinfarkt onsdag, ein knapp månad etter at han fylte 60 år. Ifølgje obduksjonen døydde han truleg medan han sov natt til onsdag. Maradona blei sist sett av sin nevø ved 23.30-tida tysdag kveld. Han blei funnen død 12 timar seinare av folk frå laget han trena, og som kom for å sjå etter han.

Ikkje berre i Argentina, men over heile verda har fotballtilhengarar uttrykt sorg over Maradonas død. Den indiske delstaten Kerala har erklært to sørgjedagar.

Maradona-heidring i Kolkata

INDIA: Over heile verda blir Maradona minnast. Her frå Kolkata i India

Foto: Rupak De Chowdhuri / Reuters

Marseilles manager Andre Villas-Boas foreslår overfor FIFA at draktnummer 10 skal droppast av alle lag for framtida. Det var dette som var Maradonas faste draktnummer.

– Det vil vere det beste minnet vi kan gje han. Hans bortgang er eit ufatteleg tap for fotballverda, seier Villas-Boas.

Maradonas tidlegare klubb Napoli har ikkje brukt nummer 10 på drakta sidan 2000. Maradona er ein legende i byen og klubben, som han førte til siger i Serie A i 1987 og 1990.

Borgarmeister Luigi de Magistris i Napoli ønskjer også at klubbens stadion San Paolo i framtida skal bere Diego Maradonas namn, skriv The Stadium Business.

Avisoppslag om Maradona

AVISER: Det var berre Maradona som fylte avisforsidene i Argentina inatt

Foto: Luis Robayo / AFP

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal