Følg Chelsea mot Galatasaray
Kampen trilles i gang og kveldens mest spennende kamp i Mesterligaen skal avgjøre hvem som kommer til kvartfinalen.
Fotballens høgaste utmerking, «Gullballen» blir delt ut i Paris 17. oktober, melder magasinet France Football.
Frå no av skal prisen delast ut på bakgrunn av prestasjonar i den internasjonale sesongen frå august til juli, ikkje i kalendaråret som før.
Lista over dei nominerte blir gjort kjend 12. august.
I fjor vann Lionel Messi og Alexia Putellas, begge frå Barcelona. Ada Hegerberg blei den første kvinnelege vinnaren i 2018.
Det blir fulle tribunar på Ullevaal når Noreg tar imot Sverige til naboduell i nasjonsligaen 12. juni. Alle billettane er rivne unna.
Oppgjeret i Oslo får dermed nærmare 26.000 tilskodarar.
Landslagets presseansvarleg Morten Morisbak Skjønsberg slapp nyheita om utseld kamp etter uttaket til Noregs fire kampar i nasjonsligaen tysdag.
Ståle Solbakkens lag møter svenskane to gonger på ei veke. Noreg spelar på Friends Arena utanfor Stockholm 5. juni. Dei to andre kampane er mot Serbia borte (2.6.) og Slovenia heime (9.6.).
Ola Vigen Hattestad skal også framover jobbe med langrenn. Han tar over som hovudtrenar for Slovenias langrennslandslag.
Det skjer før ein sesong der Planica er vertskap for ski-VM. Hattestad har tidlegare trent Slovenias kvinnelandslag.
– For oss er det viktig å ha ein meisterskap på heimebane. Vi har eit godt lag, og det er allereie etablert på øvste nivå. Eg blir motivert av at vi skal prøve å gjere laget endå sterkare. Klarer vi det, er eg sikker på at vi vil få gode resultat i Planica, seier Hattestad i ei pressemelding frå Slovenias skiforbund.
40-åringen gav seg nyleg som trenar for dei norske langrennskvinnene. Den jobben hadde han hatt sidan sommaren 2020 med Ole Morten Iversen som nærmaste sjef.
Hattestad er gift med Slovenias tidlegare langrennsstjerne Katja Visnar.
Kl. | Program | Kanal |
---|
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.