NRK Meny
Normal

Påska kan bli ekstremt god for «Bolli»

Sogndalspelar Rune Bolseth håpar på full pott både heime- og bortebane denne påska.

Rune Bolseth

GOD PÅSKE: Rune Bolseth kan sigre både på heime- og bortebane denne påska. Går alt som han håpar, blir han far for tredje gong og medverkar til at Sogndal slår Vålerenga.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

«Bolli» var ikkje med spelarbussen då Sogndal Fotball reiste til Oslo for å bu seg til eliteserieoppgjeret mot Vålerenga måndag.

For medan han var på nippet å sikre sigeren mot Tromsø i seriepremiera 17. mars, kan han denne påska vinne ein langt større siger. Sambuaren går nemlig svanger med parets tredje jente, og terminen var ute i går.

– Vi har fått før tida med dei to andre, så planen var at det skulle vere i boks no. Landskampopphaldet førre helg tykte eg passa bra. No gjorde det ikkje det likevel og det blir overtid, smiler 32-åringen.

Har sikra flybillett

Dermed er det ikkje vanskeleg å forstå at påska kan bli ekstremt god for midtbanespelaren sin del. Frå før har paret to jenter, ei på seks år og ei på fire år.

Men assistenttrenar Tom Mangersnes stadfestar overfor Sogn Avis at Bolseth allereie har ordna seg med flybillett slik at han likevel kan nå sesongens andre seriekamp.

– For å vere sikker, så har eg billett både frå Førde og Sogndal i 14-tida, seier Bolseth til NRK.no.

Avgjer i morgon

Både Bolseth og sambuaren er byrja å bli noko utålmodige. Om ikkje noko skulle skje i løpet av første påskedag, avgjer Bolseth etter kontroll hos jordmora på måndag om han reiser til Oslo eller ikkje.

– Om det er signal på at det er veldig gode sjansar for at det ikkje skjer noko, så får vi ta stilling til det då, seier han.

For det er ikkje noko tvil om kvar 32-åringen helst vil vere om både fødsel og fotballkamp skulle komme på same tid.

– Spesiell setting

– Eigentleg vil eg jo ha med meg begge delar, og det kan det jo framleis bli. Men no er det tredje fødsel og det er ei stor oppleving. Eg har spelt langt fleire fotballkampar, så det er ikkje tvil om kva som betyr mest. Men ja, det vart ein spesiell setting denne gong, seier han.

Sogndal og Vålerenga har vore spesielle oppgjer heilt sidan kvittrøyene sendte Kjetil Rekdal & co ned i 1. divisjon i 2000.

Håpar på reprise

Sogndal har gått fem kampar på rad utan tap borte mot oslolaget. I fjor vart det 2–0 etter scoringar ved Gustav Valsvik og Tonny Brochmann Christensen.

– Det er alltid kjekt å komme til Ullevaal og møte Vålerenga. Masse folk og stor stemning, og så har vi jo fått nokre gode opplevingar der. Det er litt kjedeleg å ikkje få vere med, seier han og trur Sogndal har sjansar til både eitt og tre poeng.

– Har alt å tape

Både med og utan 32-åringen på midtbana.

– Vålerenga er store favorittar, er medaljekandidatar, har henta mange nye gode spelarar og fått ny trenar. Det verkar til å vere ny giv i klubben. Samstundes har dei alt å tape. Dei tapte første kamp og alle ventar at dei slår Sogndal heime. Vi har låge skuldrer og verkeleg i angrepsposisjon, seier Bolseth.

Siger både heime og borte

Og legg til:

– Vi er optimistiske.

– Vågar du deg på eit resultattips?

– No er eg veldig dårleg på tippe resultat, men eg trur på ein tett og jamn kamp, og at vi lirkar inn sigersmålet på slutten. Og så kjem det ei lita jente om eitt par timar i ettermiddag.

Siste nytt

  • FIFA vil bruke videodømming

    Det blir innført videodømming (VAR) under sommerens fotball-VM, bekrefter Det internasjonale fotballforbundet. Allerede under VM i 2014 ble det brukt mållinjeteknologi. Nå tar FIFA et steg videre. Den endelige beslutningen om å åpne for VAR tas 2. mars.

    Gianni Infantino
    Foto: Alexander Nemenov / AFP
  • Sanchez er klar for United

    Manchester United og Arsenal er nå enige om en overgang for Alexis Sanchez, bekrefter klubbene. United-spilleren Henrikh Mkhitaryan går til Arsenal. Sánchez har skrevet under for fire år for Manchester-klubben. Ifølge britiske medier får han en ukelønn på over 5 millioner kroner.

    – Jeg er henrykt, sier han i en uttalelse.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Alastair Grant / AP
  • Sarpsborg 08 henter ny stopper

    Den islandske landslagsstopperen Orri Sigurdur Omarsson (22) er klar for Sarpsborg 08. – I Orri får vi en midtstopper med en strøken pasningsfot som også er god i luftrommet, sier Sarpsborgs sportssjef, Thomas Berntsen, til klubbens nettsted.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM håndball menn: Sverige - Hviterussland