Hopp til innhold

Fnyser av sonen sitt verdsrekordmål: – Det er ikkje plassen for det

Jakob Ingebrigtsen var berre 76 hundredelar frå verdsrekorden i førre innandørsløp på 1500 meter. Torsdag står EM for trappene, men både Gjert og ekspertane meiner det blir skjebnesvangert om han prøver seg på rekorden der.

NM friidrett 2017.

KONKURRANSE: Jakob Ingebrigtsen får ein ny sjanse på 1500 meter innandørs-EM til helga, og pappa Gjert er sjølvsagt med.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Då eg sprang så bra i Frankrike, så er det plutseleg ikkje så langt ned til ein eventuell verdsrekord. Det er naturleg at det blir neste mål, seier Jakob Ingebrigtsen til NRK.

Han siktar til løpet i Lievin den 9. februar. Då tok han ny europeisk rekord med tida 3.31,80, berre eit trekvart sekund bak verdsrekorden til Samuel Tefera.

Han har trua på at han kan slå tida i innandørs-EM i Torun, men påpeikar at målet er medalje.

– Eg reiser til Polen for å ta medaljar og ikkje nødvendigvis for å springe personleg beste, seier han.

Skeptisk

På spørsmål om kvar ein hentar inn eitt sekund, svarar han dette:

– På ein måte er det veldig lite, men samstundes er det ikkje berre å springe eit sekund fortare når ein har persa med fleire sekund. I eit betre løp, og viss eg verkeleg går etter den tida, så kan nok det vel vere mogleg å ta i framtida, seier Jakob.

Gjert Ingebrigtsen er kritisk til at verdsrekorden vil bli smadra i EM.

Gjert Ingebrigtsen

TVILAR: Gjert Ingebrigtsen.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

– Trur du Jakob tar verdsrekorden på fredag?

– Nei.

– Kvifor ikkje?

– Det er ikkje plassen for det. Viss han har tenkt å delta på alle distansane, så er det eit poeng å ikkje gå heilt i kjellaren.

Både Jakob og Filip Ingebrigtsen er nemleg påmelde både på 1500 meter og 3000 meter, og det inneber både forsøk, semifinalar og finalar gjennom heile helga.

– Du må nullstille deg heile tida, brette opp ermene og gå på ein ny runde. Det er veldig tøft, både mentalt og fysisk, seier han.

Ingebrigtsen trur derimot at Jakob kunne tatt rekorden i Frankrike om han hadde visst at han låg så godt an.

– Hadde han visst det på førehand så trur eg han hadde drege til litt tidlegare. Eg trur ikkje han hadde ei aning om kvar han stod i verda før han kom seg i gong, seier Gjert.

Sjå superløpet til Jakob Ingebrigtsen frå Lievin 9. februar her.

Forventar medalje, men òg drama

Sjølv om ingen håp om ny rekord frå pappa Ingebrigtsen, er måla sett.

– Eg forventar at vi tek med oss medaljar heim. Viss ikkje blir eg skuffa.

– Korleis er moglegheita for det?

– Normalt sett skal både Jakob og Filip vere oppe og kjempe om medaljar. I alle fall Jakob. Det skal ikkje vere nokon som slår han på ein 1500-meter, då må han dette undervegs, seier han.

Det meiner Ingebrigtsen fort kan skje denne helga.

Jakob og Filip Ingebrigtsen

BRØR OG KONKURRENTAR: Jakob og Filip Ingebrigtsen er begge påmeldt til 1500 meter og 3000 meter. Henrik Ingebrigtsen står over.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

– Mengda menneske er dobbelt så mange som til vanleg, og i den haugen er det ein del menneske som ikkje har noko erfaring. Det kan bli mykje armar og bein, påpeiker Gjert Ingebrigtsen.

– Du fryktar uerfarne utøvarar?

– Eg har nokre meisterskap i minne der ting har gått åt skogen fordi det blir litt for mykje tullball. Seinast med Filip i Glasgow var det mykje unødvendig skubbing, tull og tøys. Då blei det ikkje slik vi hadde tenkt. Det har vi sett ein god del med alle tre, og det er ein del av «businessen», men så får vi sjå korleis vi løyser det, seier han.

Må gjere eit sololøp

NRK sin friidrettskommentator Jann Post forstår at Gjert Ingebrigtsen fryktar det verste.

– Eg trur dei har lært litt av historia, men noko garanti har ein ikkje. Ein må vere ekstremt skjerpa i kvart einaste løp for å ikkje bli involvert i noko tull. Det blir halve jobben, spår Post.

Han tvilar på at ein blir vitne til ein ny verdsrekord på fredag.

NRKs Jann Post er løpe-entusiast og har en egen podkast om løping.

SKEPTISK: NRKs ekspert Jann Post.

– Det er veldig sjeldan at folk reiser dit for å ta nye verdsrekordar. Det er ingen harar og ingen andre som er villige til å hjelpe Jakob med den farta i starten. Han må gjere eit sololøp, og for å gjere det på den tida er ikkje så veldig lett, seier Jann Post til NRK.

Det trur heller ikkje NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.

– Han kjem nok ikkje til å gå for verdsrekord. Det treng han heller ikkje for å vinne. Men at han er god nok til å slå den rekorden, det trur eg, seier Rodal til NRK.

Post er klar på at Jakob er soleklar favoritt på begge distansane.

– Med ganske god margin også. Eg blir ganske overraska om han ikkje vinn. Den vesle usikkerheita er at han må springe fire dagar på rad. Det kan slite litt, på sjølv han, avsluttar eksperten.

Siste nytt

  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB
  • VG: VM endte med millionunderskudd for Norges Håndballforbund

    Den norske delen av VM i håndball gikk over én million kroner i underskudd. Medarrangørene Danmark og Sverige fikk bedre økonomiske resultater.

    Norges håndballpresident Kåre Geir Lio opplyser om underskuddet til VG. Håndballmesterskapet for kvinner ble avholdt i november og desember 2023.

    Ifølge Lio fikk Danmark et overskudd på seks millioner kroner, mens svenskene gikk omtrent i null. Det økonomiske tapet skal likevel ikke være en sperre for mesterskap i Norge i framtiden.

    – Vi må være modige og tørre, sier Lio til avisen.

    Norge arrangerte totalt 23 VM-kamper i gruppespillet, hovedrunden og kvartfinaler. Det var totalt 36.870 tilskuere på kampene til de norske håndballjentene. Mesterskapet endte med VM-sølv for Norge.

    Neste år er Norge vertskap sammen med Danmark og Kroatia når håndball-VM for menn arrangeres. (NTB)

    cLJZ5U40J_M
    Foto: NTB
  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal