NRK Meny
Normal

Flugstad Østberg vraka til stafetten

LAHTI/OSLO (NRK): Ingvild Flugstad Østberg har hatt fast plass på stafettlaget i verdscupen, men i VM er ho ikkje god nok.

Østberg og Falla

UTE: Ingvild Flugstad Østberg får ikkje gå stafetten etter eit skuffande VM. Inn på laget går Maiken Caspersen Falla, som tok VM-gull saman med Flugstad Østberg på lagsprint i 2015.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Det er ekstremt kjedeleg for Ingvild. Ho tar det tungt, seier trenar Roar Hjelmeset.

– Ho har prestert fantastisk i år. Eg er utruleg lei meg for at ho ikkje får gå, men vi må bare legge kjenslene til side, seier Hjelmeset.

Caspersen Falla kapra plassen

Maiken Caspersen Falla, Heidi Weng, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Marit Bjørgen er dei utvalde som går stafetten for Norge torsdag.

Roar Hjelmeset

– VANSKELEG UTTAK: Trenar Roar Hjelmeset synst ikkje det var kjekt å vrake Ingvild Flugstad Østberg, som har gått begge verdscupstafettane for Norges førstelag denne sesongen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det var eit veldig vanskeleg uttak, men det er desse vi meiner er i best form, seier Hjelmeset.

– Etter gårsdagens løp, spesielt frå Astrid Uhrenholdt Jacobsen, var det plutseleg fem jenter som kjempa om plass på stafettlaget. Då var det Ingvild som måtte ut fordi ho har vist for dårleg form i forhold til dei andre, legg han til.

Flugstad Østberg skuffa med 19.-plass på skiathlon og 22.-plass på sprinten, men viste teikn til betring då ho tok ein 8.-plass på 10 kilometer klassisk.

I det same rennet blei ho slått av Uhrenholdt Jacbosen, som tok ein overraskande bronsemedalje etter ein tung sesong.

I tillegg har Caspersen Falla tatt to VM-gull i sprint og lagsprint. Det var nok til å miste plassen på laget.

– Det er nok aldri ein løpar som har vore nærare å få gå ein stafett, seier Hjelmeset om Flugstad Østberg, som gjekk for Norges førstelag i verdscupstafettane i La Clusaz og Ulricehamn tidlegare denne sesongen.

NRKs langrennsekspert: – Overraska

Fredrik Aukland er overraska over to ting ved uttaket.

– At Ingvild er vraka er overraskande. Det var lenge diskusjon om dei skulle velge Caspersen Falla eller Flugstad Østberg til den første etappen. Dei velger Maiken. Det er eit sikkert val, men eit brutalt val, seier Aukland.

– Det er også overraskande for meg at Uhrenholdt Jacobsen ikkje går ein klassisk-etappe. Den såg ikkje eg komme, legg langrennseksperten til.

NRKs langrennskommentator på radio, Carl-Henning Gran, mener derimot at det er riktig at Falla får sjansen.

– Ingvild har hatt en god sesong, frem til Tour de Ski, men hun har ikke funnet formen i VM. Det har derimot Maiken som er i kjempeslag. Jeg tror det er et trygt og fornuftig valg, sier Gran før han legger til:

– Jeg tror strengt tatt at vi hadde tatt det gullet selv om Ingvild hadde gått, men jeg synes det om har skjedd her i VM bør telle mest og da har Maiken vist en bedre form enn det Ingvild har gjort.

Går sin første VM-stafett

Maiken Caspersen Falla, som går førsteetappen, har aldri før gått ein VM-stafett. I verdscupen har ho ikkje gått for førstelaget sidan desember 2015.

– Kor sikre er de på at Caspersen Falla held heilt ut på førsteetappen?

– Vi er sikre på det sidan vi har sett ho opp på etappen. Maiken har vist at ho klarar å vere høgt oppe. Ho hadde god flyt på sprinten og sprintstafetten, seier Hjelmeset.

Heidi Weng går andretappen i klassisk, Uhrenholdt Jacobsen får ansvaret på den tredje, som er stafettens andre skøyteetappe.

– Når Astrid er i god form er det ikkje så nøye om ho går klassisk eller skøyting. Heidi, som går andreetappen, hadde ein middels dag i duathlon. Ho har nok betre grep om klassisk enn fristil akkurat no, seier Hjelmeset.

Marit Bjørgen går ankeretappen.

NORDIC-WORLD/

INNE: Astrid Uhrenholdt Jacobsen imponerte med eit bronseløp på 10 kilometer klassisk. Det var nok til å få plass på stafettlaget.

Foto: LEHTIKUVA / Reuters

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM Bryting