I mars var Kristian Eriksen tydeleg på at han ville vekk frå HamKam og signere for Rosenborg. Kritikken hagla, og klubben nekta å selje han.
Frå før hadde allereie trenarduoen Kjetil Rekdal og Geir Frigård reist, i tillegg til fleire andre spelar.
Søndag kveld tok Rosenborg turen til HamKam, og det blei nettopp Eriksen som hindra bortelaget i å stele med seg alle poenga heim til Trondheim.
– Eg er eit uromoment, og det likar eg. Vi gjer ein bra heimekamp i dag, seier ein smørblid Eriksen til NRK etter kampen.
Likevel vil ikkje Eriksen avfeie at han ikkje kjem til å vurdere eit nytt kontraktsforslag frå trønderane.
Vil vurdere forslaget
Utlikninga kom i andre omgang, etter eit hav av misbrukte sjansar i første omgang. Amin Nouri blei bytta inn, og låg eit perfekt vekta innlegg som Eriksen kunne stange i mål.
Den utlikninga sette fyr på ein fullsett Briskeby stadion, og Eriksen sprang umiddelbart bort til tribuneveggen, før han hoppa opp og klemte fleire av tilskodarane.
– Du treng ikkje å lure på at han har fått tilgiving frå HamKam-supporterane, kommenterte Tor Ole Skullerud hjå Discovery.
JUBEL: Eriksen og Nouri med fansen.
Foto: Geir Olsen / NTBEriksen var særdeles nøgd etter kampen, men han har framleis ikkje lagt frå seg tankane om spel i Rosenborg i framtida.
– Kor står du no?
– Det er vanskeleg å svare på. Eg kjem til å få eit nytt kontraktsforlag, og det må eg sjå på kva det er, og så må eg ta ei vurdering i lag med agentane mine, seier han.
– Fristar det framleis med Rosenborg-spel?
– Ja, altså ... Vanskeleg å svare på det i dag, då eg tykkjer vi gjer ein utruleg bra kamp. Eg vil fokusere på HamKam. Det er der eg jobbar og trenar kvar dag, seier han til NRK.
Hyllar samarbeidet
Hovudtrenar Jakob Michelsen legg ikkje skjul på at Eriksen er viktig for klubben.
– Han er ein fantastisk spelar og ein fantastisk person. Og i dag spelte han med heile laget. Det var ein kollektiv og fantastisk prestasjon. Spelarane jobba hardt, seier han til NRK.
STOLT: Hovudtrenar Jakob Michelsen.
Foto: Geir Olsen / NTB– Korleis vil det gå med kontrakten hans?
– Eg har veldig mange oppgåver her, men å halde styr på hans kontrakt, det må du prate med Espen Olsen om, seier han.
Uavhengig av det eine eller det andre, var uansett Michelsen ein glad mann etter kampslutt.
– Eg tykkjer vi spelte fantastisk. Det einaste som mangla var tre poeng. Vi var det klart beste mannskapet, og skapar så mange sjansar. Eg er veldig fornøgd med spelarane mine, seier Michelsen.
Og skal vi tru alle Rosenborg-leiren, skulle det berre mangle at HamKam fekk eitt poeng.
– Elendig
HamKam hadde flest sjansar også i første omgang, men det var Rosenborg sin midtstoppar Sam Rogers som sende bortelaget i leiinga før kvilen.
Amerikanaren, som kom til Rosenborg frå nettopp HamKam i forkant av denne sesongen, fekk eit godt treff på ballen frå 25 meter. Skotet gjekk via keeper Nicolas Hagen og inn i høgre hjørne for keeper.
Han heldt seg til ei avgrensa feiring mot sine tidlegare lagkameratar, og sa i pausen at det var ingen grunn til å feire.
Etter kampen var det ein særdeles skuffa Rekdal som møtte pressa.
SKUFFA: Kjetil Rekdal.
Foto: Geir Olsen / NTB– Det er ein elendig prestasjon. Vi har litt tak etter kvilen, men elles heng vi ikkje med. Vi blir sprunge over ende. Det er ein dårleg prestasjon og eit veldig ufortent poeng, seier Rekdal til Discovery +.
Han er skuffa over at laget ikkje klarar å prestere betre på bortekampar.
– Vi er nøydde til å få betre kontroll på kampane, seier han vidare.
Kaptein Markus Henriksen meiner at HamKam stod fram som storebror.
– Det einaste vi sit igjen med, er eitt poeng. HamKam er betre enn oss i det meste. Vi har litt redsel i oss, medan dei kom med vilje og tæl. I stort sett heile kampen er vi eitt hakk mindre enn dei. Vi er ikkje glade for å ta med oss eitt poeng, men vi er litt heldige som fekk det, seier Henriksen.
FRUSTRERT: Markus Henriksen etter kampslutt.
Foto: Geir Olsen / NTB