Flo var med å føre Chelsea til «The Double»

Tore André Flo møter manager Antonio Conte ofte på treningsfeltet i Chelsea. Før helga vann nordmannen «The Double» med juniorlaget med «Conte-fotball».

Tore Andre Flo

TRENER: Tore André Flo trener U14-laget til Chelsea med stort hell.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det har toppa seg i år med både cup- og seriemeisterskap for juniorlaget. Det har gått fantastisk også for denne delen av klubben, seier Tore André Flo til NRK.

Sist fredag stod Flo på sidelinja som ein del av trenarstaben då Chelsea sitt juniorlag (U18) vann seriemeisterskapen med 3-0-siger over Reading.

Dermed tok klubben «The Double» etter at cupen blei sikra tidlegare i år.

Innført Conte-fotball

Flo er sjef for U14-laget på Chelseas fotballakademi, og han har trent alle spelarane på U18-laget som tok cup- og seriemeisterskapet.

No har også Chelsea innført Conte-fotball nedover i systemet.

Flo

CHELSEA-HELT: Her blir Tore André Flo gratulert av Gustavo Poyet etter en scoring mot Feyenoord i mesterligaen i 1999.

Foto: IAN WALDIE / REUTERS

– Vanlegvis har vi hatt vår eigen filosofi på akademiet. Men i år har laga langt nedover i systemet prøvd å lære av A-laget. I siste delen av sesongen har vi kopiert Conte, seier Flo til NRK.

A-laget til Chelsea blei også seriemeister fredag ved å slå West Bromwich 1–0 på bortebane. Også seniorlaget kan ta «The Double » i FA-cupfinalen mot Arsenal.

Italienaren har innført eit 3-4-3-system i det stjernespekka Chelsea-mannskapet.

Conte står for ein sterk lagmoral, hard defensiv jobbing og raske angrep når laget vinn ballen.

– Vi skal gjere U-spelarane klare for den «store verda». Det finst mange ulike spelesystem. Og det er viktig for oss å lære dei så mange system som moleg slik at dei er rusta til å ta steget heilt opp, seier Flo.

– Energien smittar

A-laget trenar rett ved sidan av akademi-spelarane.

– Vi ser på A-laget. Conte er ein veldig interessant type. Alle har sett engasjementet hans på TV. Han er akkurat slik på treningane også. Han dirigerer forrykande mykje, og er veldig, veldig entusiastisk. Det er artig og inspirerande å følgje med på, seier Flo.

Flo har ambisjonar om å bli manager ein dag. Men han har planar om å ta steg for steg i trenarkarrieren.

I mellomtida lærer han av ein av verdas beste trenarar.

– Det som eg synest er spesielt bra med Conte, er at han gir frå seg enormt mykje energi som smittar over på spelarane. Han er entusiastisk og styrer dei rundt på feltet. Han viser kor dei skal springe. Og kva rom på bana dei skal gå i. Han er veldig «på» når han er feltet, fortel Flo.

Stryningen spelte i Chelsea frå 1997 til 2000. Spissen scora 50 mål på 163 kampar. Og han rakk og bli ei legende og ein favoritt blant fansen i løpet av sine tre år på Stamford Bridge.

Flo

SUKSESS: Juniortrener Tore André Flo (t.v.) kan vise til sterke resultater i Chelsea. Her sammen med Hasan Salihamidzic og Franceso Toldo under offentliggjøringen av Singapore som vert for International Champions Cup i mars.

Foto: ROSLAN RAHMAN / AFP

Siste nytt

  • Dyrhaug dropper sesongåpningen

    Langrennsløper Niklas Dyrhaug har bestemt seg for å stå over rennene under sesongåpningen på Beitostølen. Det bekrefter landslagstrener Eirik Myhr Nossum til NRK.

    Langrenn Beitostølen
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Rangers tapte i Zucca-comeback

    Mats Zuccarello var endelig tilbake på isen etter skade i fredagens målrike New York-derby, men han og Rangers måtte til slutt se seg slått 7–5 av byrivalene Islanders. Nordmannen har stått over tre kamper på grunn av lyskestrekk.

    Predators Rangers Hockey
    Foto: Frank Franklin II / AP
  • Kroatia slo Spania

    Kroatia var avhengig av poeng for ikke å falle helt av i gruppespillet i nasjonsligaen torsdag. Etter en god andreomgang avgjorde Tin Jedvaj til 3-2 på overtid. Spania topper tabellen med seks poeng, mens både England og Kroatia står med fire.

    Croatia Spain Nations League Soccer
    Foto: Darko Bandic / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skøyter
V-cup skøyter: 500 m menn
Sesongstart langrenn: 10 km klassisk, kvinner
VM-minner
VM-minner
Vinterstudio
Sesongstart langrenn
Sesongstart langrenn: 10 km klassisk, kvinner
Vinterstudio
NRK Sport Live: 15 km klassisk, menn
Sesongstart langrenn: 15 km klassisk, menn