Hopp til innhold

Fleire vil ha presidentvalet i FIS kjent ugyldig: – Ein farse

Fire land meiner valet av president i Det internasjonale skiforbundet (FIS), ikkje var gjennomført på ein lovleg måte, og har anka det inn for den internasjonale idrettsdomstolen CAS.

Johan Eliasch

KONTROVERSIELL: Prosessen som gav attval av Johan Eliasch som FIS-president er anka inn for CAS

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

CAS stadfestar å ha teke i mot anken, og skal oppnemne eit utval som skal avgjere saka.

– Men det er umogeleg å seie noko om når vi kjem fram til nokon konklusjon, skriv CAS i ei pressemelding.

Hoppkonflikten

RØYSTA IKKJE: Generalsekretær Ingvild Bretten Berg avstod frå å røyste på FIS-kongressen

Foto: Ali Zare / NTB

Ved presidentvalet i mai blei svensk-britiske Johan Eliasch attvald med 70 røyster. Eliasch var den einaste kandidaten, og det var derfor hans namn stod på alle røystesetlane som blei talde opp.

Men den røystemåten var omstridd allereie før røystinga. Møteleiinga ville ha val ved akklamasjon, men 15 nasjonar bad om at valet måtte gjennomførast på ein annan måte. Fleire av dei forlét møtesalen før røystinga.

– Dei 15 bad skriftleg om ei gjennomføring av valet på ein slik måte at dei følgde demokratiske prinsipp etter sveitsiske reglar, skriv Skiforbundets generalsekretær Ingvild Bretten Berg i ein e-post til NRK. Det var ho som skulle stemme for Noreg.

– Men Noreg avstod frå å stemme under valet, då vi opplevde valordninga som uklar, skriv Berg.

Dei 15 nasjonane ville ha lov til å røyste ja eller nei til Eliasch, eller å røyste blankt.

– Eit val der utsendingane berre har eitt val, å røyste ja til kandidaten, er ikkje i samsvar med vår forståing av reglementet, og er berre ein farse, seier Stefan Schwarzbach frå Det tyske skiforbundet.

Det er Tyskland, saman med Austerrike, Sveits og Kroatia, som har teke saka inn for CAS.

Eliasch' 70 røyster er likevel over halvparten av dei 126 han kunne ha fått, inkludert dei delegasjonane som gjekk frå kongressalen.

Sverre Seeberg

VAR TIL STADES: Sverre Seeberg meiner valet var unødvendig firkanta.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Unødig firkanta

– Dette var unødig firkanta av møteleiinga, som skapte ein situasjon som kunne vore unngått, seier Sverre Seeberg til NRK. Den mangeårige tidlegare skipresidenten og styremedlemmen i FIS var til stades på kongressen som gjest.

– Val på FIS-president har alltid gått roleg føre seg. Eg har aldri opplevd noko liknande, seier han.

Men han legg til at han ikkje kjenner reglane for presidentval i detalj. Det gjer heller ikkje Ingvild Bretten Berg inngåande nok til å seie om regelverket er klart nok når det gjeld røystinga.

– Det er sveitsiske forretningsreglar som gjeld, og utan å ha lese stemninga til CAS, vil eg tru at det desse reglane som ligg i grunngjevinga for å få valet vurdert, seier ho.

Valdirektør Stephan Netzie i FIS forsvarar gjennomføringa av valet.

– Det er ikkje noko ja eller nei. Stemmer du på kandidaten, brukar du stemmesetelen med hans namn. Viss ikkje, let du vere å røyste, seier han, ifølgje insidethegames.biz.

NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt trur ikkje anken til CAS vil føre til nyval.

– Det er ein teoretisk sjanse for at CAS kan meine at fordi ingen kunne røyste hemmeleg blankt eller nei til Eliasch, kunne det ha enda med at han ikkje hadde fått 50 prosent og blitt vald. I så fall må det ny kongress til. Men det skal veldig mykje til. Det meste FIS kan få, er ein korreks, men utan andre konsekvensar, trur Saltvedt.

Kontroversiell leiarstil

Johan Eliasch

PRESIDENT: Johan Eliasch.

Foto: JOE KLAMAR / AFP

Eliasch har hatt ein kontroversiell leiarstil det året han har vore president. Mellom anna har han pressa på for at FIS skal ta eigarskap til alle verdscuprenna, der kvar enkelt nasjon no har rettane.

Det har svidd spesielt hardt for alpine stormakter som Sveits og Austerrike, som nyleg har selt TV-rettane til verdscuparrangement i sine land, og som har budsjettert med inntektene derifrå dei nærmaste åra.

– At Eliasch har gått så hardt ut med dette utan å diskutere det med dei leiande nasjonane, har skapt misnøye. Det er nok ein av grunnane til dei sterke reaksjonane, seier Saltvedt.

Court of Arbirtration for Sport (CAS)

TAR SAKA: CAS har stadfesta at dei skal vurdere anken, men vil ikkje seie noko om når dei har konklusjonen klar

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Lita tru på nyval

Trond Solvang er jusprofessor ved Universitetet i Oslo, og ekspert på CAS' arbeid. Også han har lita tru på at anken når fram.

– Ja, eg har vanskeleg å sjå for meg at dei får medhald i CAS. Og skulle dei heilt uventa få medhald, må ekstraordinær kongress samankallast for ny avstemming, og det er vel då sannsynleg at den same kandidaten ville bli vald på ny.

– Kva tenkjer du om saka og at fire land har anka valet?

– Det må sjåast i samanheng med nominasjonsprosessen. Det vart ikkje meldt inn andre kandidatar til valet, og då var det berre han som var aktuell. Då er det vanleg at det blir gjennomført akklamasjon, altså ei uformell godkjenning av kandidaten, og gjerne ei form for applaus.

– Om det skulle vore eit ja/nei-avstemming med berre ein kandidat, ville ein risikere å stå utan kandidat ved manglande ja-stemmer, seier Solvang til NRK.

– Kor spesiell er denne saka?

– Det er ikkje ofte det skjer, nei. Det er nokså uvanleg, seier Solvang.

Ingvild Bretten Berg vil ikkje spå om utfallet.

– CAS er ein valdgiftsdomstol, og eg har ingen føresetnad for å meine noko om CAS si handtering av denne saka, seier ho.

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Nok et tap for Lilleberg og Lightning

    Emil Lilleberg og hans Tampa Bay Lightning tapte 3–2 borte for Florida Panthers, og ligger dermed under 2–0 i kamper av Stanley Cup-sluttspillets første runde.

    Lilleberg fikk 17 minutter på isen og bidro med blant annet ett skudd på mål.

    Washington Capitals v Tampa Bay Lightning
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP
  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal