– Nå er eg berre veldig glad for at me skal konkurrere i den store bakken neste år. Eg er glad for all støtta me har fått den siste veka, seier Maren Lundby.
Gladmeldinga fekk ho på veg til nye verdscuprenn i austerrikske Hinzenbach.
Blir endeleg bestemt i Thailand
Førre veke var hopparen sterkt kritisk til FIS fordi stor bakke for kvinner ikkje var inkludert i VM-programmet, sjølv om dei hoppa i den same bakken i prøve-VM i Oberstdorf.
Sidan da har fleire skitoppar jobba i kulissene med eit forslag som skulle få rennet inn i programmet.
På eit møte i dag bestemte seg for å støtte forslaget frå Noregs Skiforbund om å inkludere stor bakke for kvinne i VM-programmet. Forslaget blir dermed sendt vidare til FIS-kongressen som blir heldt i Thailand i slutten av mai, der det blir endeleg vedteke.
Men Lundby føler seg ganske trygg på at det nå blir to individuelle konkurransar for kvinnene i VM i Oberstdorf neste år.
– Det er aldri heilt sikkert før det er heilt klart, men eg føler meg ganske sikker på det nå. Det ser veldig lovande ut.
Ekstra motivasjon for å ta tilbake leiartrøya
Skipresident, Erik Røste fortel at det var eit einstemmig styre (FIS-council) som gjekk inn for det norske forslaget.
– Det er eit gledeleg vedtak. Etter at me blei gjort merksam på det urettferdige i det som var i ferd med å skje, har me berre blitt møtt med positiv innstilling. I dagens møte var det full støtte frå alle, det her må me berre løyse var tonen, fortel Røste.
Lundby sit i bilen på veg til Hinzenbach og nye verdscuprenn i helga når NRK pratar med ho. Ho innrømmer at den siste vekas oppstyr påverka ho sist helg i VM-byen Oberstdorf.
– Så klart det har vore mykje styr, men eg har kjent på ei stor støtte. Frå både skipresidenten, kulturministeren og ikkje minst hoppsjefen. Det har hjelpt mykje. Nå er eg glad for at eg ikkje skal bruke så mykje energi på politikk denne helga.
Sist helg mista ho den gule trøya etter to andreplassar. Den vil ho tilbake etter helgas renn.
– Det her gjev meg ein energiboost og målet er absolutt å ta leiartrøya tilbake, seier Lundby.
Også blant herrehopparane blir nyheita positivt motteke. Robert Johansson trur på fleire konkurransar i stor bakke med kvinnene.
– Me har alt fått ein mix-konkurranse. Kan hende også den kan bevege seg opp i stor bakke etter kvart.