Siste nytt

  • Svensk OL-leiar koronasmitta

    Johan Flodin, som er sportsutviklingssjef i den svenske olympiske komité, har testa positivt for koronaviruset ved framkomst i Beijing.

    Det bekreftar Peter Reinebo i ei pressemelding, ifølgje nyheitsbyrået TT.

    – Han er symptomfri og vi reknar med at han kan returnere til si rolle så fort han testar negativt igjen, seier Reinebo.

    Flodin var trener på det norske rolandslaget gjennom fleire år, fram til i fjor.

    Johan Flodin
    Foto: Erlend Lånke Solbu
  • Nadal på veg mot historisk triumf

    Rafael Nadal slo Matteo Berrettini 3–1 i sett fredag, og er klar for finalen i Australian Open.

    Der kan han vinne sin 21. Grand Slam-tittel og med det bli historisk. Det er ingen som har vunne så mange. Både Nadal, Roger Federer og Novak Djokovic har 20 titlar. Finalen vil bli Nadals sjette i Australian Open-historia, og hans 29. i Grand Slam-samanheng.

    Mot italienske Berrettini trengde den rutinerte spanjolen fire sett for å avansere. Etter at Nadal vann dei to første komfortabelt, var det den sjuande-rangerte italienaren som tok det tredje settet.

    I det fjerde settet viste igjen Nadal klasse og vann 6–3. Dermed vann han oppgjeret 6-3, 6-2, 3-6, 6–3.

    I finalen møter han enten Stefanos Tsitsipas eller Daniil Medvedev. Dei spelar seinare fredag.

    Rafael Nadal
    Foto: LOREN ELLIOTT / Reuters
  • Raudt kort to gonger - redda av VAR

    Brasils keeper Allison fekk raudt kort to gonger i VM-kvalifiseringskampen mot Ecuador seint i går kveld, men spela likevel heile kampen.

    Først fekk han det raude kortet for ei stygg takling etter 25 minutt, så for ei felling på overtid. Men i begge tilfella blei korta annullert etter VAR-gransking.

    – Det må ha vore første gongen i fotballhistoria noko slikt har skjedd, sa Liverpool-keeperen, som la til at han var glad for VAR.

    Det høyrer med til historia at begge laga i tillegg fekk ein mann utvist før det hadde gått 20 minutt.

    Og at Ecuador fekk tildelt to straffespark, som også blei omgjort etter VAR-gransking.

    Kampen enda 1-1. Brasil er forlengst klar for VM, og Ecuador ligg godt an til å slå følgje. Brasil tok leiinga ved Casemiro etter berre seks minutt, Felix Torres utlikna eit kvarter før slutt.

    Også Argentina er VM-klar frå før. I natt slo dei Chile 2-1 utan Lionel Messi. Angel di Maria og Lautaro Martinez scora Argentinas mål og reduserte Chiles sjansar til VM.

    Uruguay slo Paraguay 1-0 og held den fjerde søramerikanske direkteplassen til VM.

    World Cup - South American Qualifiers - Ecuador v Brazil
    Foto: RODRIGO BUENDIA / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal