– Vi har hittil vore det dårlegaste laget i eliteserien i den første halvtimen. Det sa eg til spelarane før vi gjekk utpå, og det svarte dei nokså klart på, sa VIF-trenar Ronny Deila, som var nøgd med turen til Tromsø.
– Vi har spelarar utpå der som held høgt nivå, og når vi får vårt spel til å flyte, er det vanskeleg å stoppe oss, seier Deila.
Jonatan Tollås Nation, Ghayas Zahid, Bård Finne og Mohammed Abdellaoue brukte ikkje lange stunda på å knekke heimelaget.
Frå det 7. til det 25. minutt i første omgang scora dei fire kvar sin gong, og Vålerenga leia 4–0. Då var kampen avgjort.
– Det går fort ein periode der. Det var kjedelig, seier Tromsøs Mikael Ingebrigtsen til NRK. Han skaut i stolpen på stilling 0-1. – Hadde den gått inn, hadde vi fått ein heilt annan kamp, seier Mikael Ingebrigtsen.
– Vi er for dårlege og passive i førsteomgangen. Vi hadde ein skikkelig tøff pauseprat og gjorde nokre taktiske ting, sa Tromsø-trenar Bård Flovik
Det var Vålerenga nøgde med, men heimelaget reduserte ved Aron Sigurdarson midt i andre omgang og Mikael Ingebrigtsen litt seinare. Tromsø viste seg frå ei langt betre side etter pause enn før, men 0-4 blei for tungt å ta igjen.
Etter Tromsøs to mål var det ei stund kamp igjen, og fem minutt før full tid la Sigurdarsson eit frispark utanfor keeper rekkevidde, men også så vidt utanfor stolpen. Og då var kampen avgjort.
Artikkelen blir oppdatert!