– Skøyter er rått, og utan mykje næring i kroppen er eg ikkje mykje rå akkurat no, sa Ellen Bjertnes.
Ho starta optimistisk på 3000 m med 600 m-passering på 54,3. Men på alle dei fire siste rundane måtte ho opp på 36-talet.
– Eg håpar berre at kroppen kan kome seg nokre hakk til i morgon.
«I morgon» betyr start på 1500 m allereie klokka 11.00 laurdag. 5000-meteren går klokka 13.42.
Det er tøft for jentene. Med start klokka 18.30 fredag og siste målgang rundt klokka 14.30 laurdag skal dei gjennom fire distansar på rundt 20 timar. Det er krevjande.
Men det er likevel ikkje heilt uvanleg. Ein arrangør kan velje om han vil arrangere eit allround-meisterskap over to eller tre dagar. Med to dagar er det ikkje uvanleg at alle distansane går innanfor eitt døgn.
– Det er vanleg, men det er ei stor belastning, seier Wetten.
– Det er tøft, og det er viktig å ikkje bruke opp kreftene første dagen.
Ireen Wüst ser ut til allereie å ha avgjort duellen med Martina Sábliková. Wüst vann som venta 500 m. Langt meir uventa var det at ho skulle tukte den tsjekkiske distansefavoritten på 3000 meter.
Wüst valde å gå knallhardt ut, og leia med over ei halv langside. Mot slutten fekk ho det tungt, men vann likevel med åtte tideler.
Dermed skal det mykje til å hindre Wüst i å ta sitt femte allround-EM. Sablikova har fem frå før.
Ida Njåtun er nummer åtte samanlagt og kan få plass på den avsluttande 5000-meteren i morgon. Sofie Karoline Haugen og Ellen Bjertnes er nummer 15 og 15 i samandraget.