- Frå 18.00: Sjå 12 kamper frå cupens første runde her.
Det er nemleg ikkje kven som helst som kjem på besøk til Rosseland, som ligg nokre lange steinkast unna Bryne Stadion.
Serieleiarane Viking har så vidt rokke å svelgje cupfinaletapet før dei startar ei ny reise mot Ullevaal. Det første hinderet består av kompisar og brødrepar. Eller «lokalfotball på sitt beste», som dei sjølv seier.
Fire brødrepar på same lag er uvant kost også nedover i divisjonane.
Rosseland-trenar Kai Ove Stokkeland har over 450 kampar for Bryne gjennom 15 år. Han har aldri vore borti noko liknande.
ERFAREN: Her er dåverande Bryne-kaptein Kai Ove Stokkeland i aksjon mot Odd i 2006.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX– Ja, korleis er det mogleg? Det eine brødreparet har spelt i Rosseland lenge. Det er også folk som har prøvd seg litt i Bryne og på studium, som kjem tilbake. Vi har klart å få til ein god miks og ein god gjeng – då blir det fort at bror nummer to og tre også kjem, seier Stokkeland.
– På sitt beste
Brødreparet Svein Arne og Kenneth Monsen har vore i klubben lengst. Svein Arne nærmar seg 350 kampar for den lokale klubben sin.
Brørne Peter og Andreas Aarrestad Time har spelt med kvarandre i tre år. Den tredje broren, som også var ein del av laget, vart oppteken med studiar.
– Eg pleier å seie at Rosseland er fire–fem søskenflokkar og tre kompisgjengar. Det er laga, og det er lokalfotballen på sitt beste, seier Peter til NRK.
KLARE: Peter og Andreas Aarrestad Time.
Foto: PrivatHeimelaget håpar først og fremst på ein folkefest når dei mørkeblå kjem på besøk.
Viking er eit betre lag på alle målbare parametrar, men kva med relasjonar og samhald?
– Det er nok noko folk utanfrå tenkjar mest på. Du veit jo korleis det er på ein arbeidsplass, eit fotballag og i ein garderobe – kva relasjon folk har forsvinn heilt ut av vindauget når du blir kjend med kvarandre. Du kan på ein måte ikkje ha «megabrødredynamikk», heller. Du er eit individ på eit lag som skal vinne, seier Time.
Brødre-stikk
Tvillingparet Vetle og Sondre Hovland er også ein del av laget.
Denne sesongen auka talet til fire då storbror Truls Vagle fekk besøk av veslebror og kantspelar Teo.
– Han klarar seg godt, så det er berre kjekt. Eg set han på plass av og til med nokre tunnelar, seier Truls til NRK.
NY: Teo Vagle speler no med storebror Truls.
Foto: PrivatTruls hugsar at fjerdedivisjonslaget Frøyland leidde til pause over Viking i 2019. Den gongen vart 1–0 snudde til 3-1, og dei mørkeblå såg seg aldri tilbake.
Haugesund vart slått 2–0 i cupfinalen.
– Det er noko vi gler oss veldig til. Vi hadde som mål å kvalifisere oss til NM, for det gir gode pengar i kassen. Dei er eit av Noregs beste lag, seier Truls.
Trenar Stokkeland påpeikar at det er ei sjeldan gulrot for spelarane og klubben. Han var sjølv med å møte Rosseland med Bryne for ti år sidan.
– Resultatmessig må vi berre telje opp etter kvart. Målet er i alle fall at vi klarar å vise at vi har ein del å by på – at vi kan gi dei litt kamp. Forhåpentleg får vi eit heiderleg resultat og vist oss frå ei positiv side. Vi ønskjer rett og slett å lage ein kjekk folkefest, seier Stokkeland.