Hopp til innhold

Fire brødrepar (!) møter Viking: – Korleis er det mogleg?

Fire brødrepar frå fjerdedivisjonslaget Rosseland skal prøve å ta skalpen på den største broren i første cuprunde.

Rosseland

GOD STEMNING: Rosseland er klare for 1. runde av cupen torsdag kveld. Då kjem Viking på besøk. Desse brødrepara ser du på biletet: Truls og Teo Vagle (på benken til høgre), Peter og Andreas Aarrestad Time (nummer to frå venstre nederst og nummer tre frå venstre i midten). Tvillingane Vetle og Sondre Hovland (nummer fire frå venstre nederst og nummer ein frå venstre i midten).

Foto: Gunnar Stangeland

  • Frå 18.00: Sjå 12 kamper frå cupens første runde her.

Det er nemleg ikkje kven som helst som kjem på besøk til Rosseland, som ligg nokre lange steinkast unna Bryne Stadion.

Serieleiarane Viking har så vidt rokke å svelgje cupfinaletapet før dei startar ei ny reise mot Ullevaal. Det første hinderet består av kompisar og brødrepar. Eller «lokalfotball på sitt beste», som dei sjølv seier.

Fire brødrepar på same lag er uvant kost også nedover i divisjonane.

Rosseland-trenar Kai Ove Stokkeland har over 450 kampar for Bryne gjennom 15 år. Han har aldri vore borti noko liknande.

Kai Ove Stokkeland

ERFAREN: Her er dåverande Bryne-kaptein Kai Ove Stokkeland i aksjon mot Odd i 2006.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Ja, korleis er det mogleg? Det eine brødreparet har spelt i Rosseland lenge. Det er også folk som har prøvd seg litt i Bryne og på studium, som kjem tilbake. Vi har klart å få til ein god miks og ein god gjeng – då blir det fort at bror nummer to og tre også kjem, seier Stokkeland.

– På sitt beste

Brødreparet Svein Arne og Kenneth Monsen har vore i klubben lengst. Svein Arne nærmar seg 350 kampar for den lokale klubben sin.

Brørne Peter og Andreas Aarrestad Time har spelt med kvarandre i tre år. Den tredje broren, som også var ein del av laget, vart oppteken med studiar.

Eg pleier å seie at Rosseland er fire–fem søskenflokkar og tre kompisgjengar. Det er laga, og det er lokalfotballen på sitt beste, seier Peter til NRK.

Peter og Andreas Aarrestad Time

KLARE: Peter og Andreas Aarrestad Time.

Foto: Privat

Heimelaget håpar først og fremst på ein folkefest når dei mørkeblå kjem på besøk.

Viking er eit betre lag på alle målbare parametrar, men kva med relasjonar og samhald?

Det er nok noko folk utanfrå tenkjar mest på. Du veit jo korleis det er på ein arbeidsplass, eit fotballag og i ein garderobe – kva relasjon folk har forsvinn heilt ut av vindauget når du blir kjend med kvarandre. Du kan på ein måte ikkje ha «megabrødredynamikk», heller. Du er eit individ på eit lag som skal vinne, seier Time.

Brødre-stikk

Tvillingparet Vetle og Sondre Hovland er også ein del av laget.

Denne sesongen auka talet til fire då storbror Truls Vagle fekk besøk av veslebror og kantspelar Teo.

– Han klarar seg godt, så det er berre kjekt. Eg set han på plass av og til med nokre tunnelar, seier Truls til NRK.

Teo og Truls Vagle

NY: Teo Vagle speler no med storebror Truls.

Foto: Privat

Truls hugsar at fjerdedivisjonslaget Frøyland leidde til pause over Viking i 2019. Den gongen vart 1–0 snudde til 3-1, og dei mørkeblå såg seg aldri tilbake.

Haugesund vart slått 2–0 i cupfinalen.

– Det er noko vi gler oss veldig til. Vi hadde som mål å kvalifisere oss til NM, for det gir gode pengar i kassen. Dei er eit av Noregs beste lag, seier Truls.

Trenar Stokkeland påpeikar at det er ei sjeldan gulrot for spelarane og klubben. Han var sjølv med å møte Rosseland med Bryne for ti år sidan.

Resultatmessig må vi berre telje opp etter kvart. Målet er i alle fall at vi klarar å vise at vi har ein del å by på – at vi kan gi dei litt kamp. Forhåpentleg får vi eit heiderleg resultat og vist oss frå ei positiv side. Vi ønskjer rett og slett å lage ein kjekk folkefest, seier Stokkeland.

Siste nytt

  • Vellykket operasjon for van Aert

    Sykkelstjernen Wout van Aert var torsdag gjennom en vellykket operasjon etter at han ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen.

    Det skriver belgierens lag, Visma Lease a Bike, i egne mediekanaler.

    – Det er uklart når Wout vil være tilbake på sykkelsetet igjen. Han går glipp av vårens klassikere, og deltakelsen i Giro d'Italia er fortsatt usikker. På vegne av Wout takker vi for all støtte, heter det i meldingen.

    Skaden gjør at prestisjerittene Flandern rundt, Paris-Roubaix, Amstel Gold Race, La Fleche Wallonne og Liege-Bastogne-Liege går uten belgieren.

    Med om lag sju mil igjen av onsdagens ritt veltet flere store profiler, blant dem van Aert. TV-bildene viste en svært forslått og preget belgier der han satt i veikanten før han ble hentet av sykebilen. (NTB)

    Wout van Aert
    Foto: STEPHANE MAHE / Reuters
  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal