– Han fekk køyrt seg da me trøkka til i staking på slutten av økta, gliser Niklas Dyrhaug.
Han er akkurat tilbake frå ein to og ein halv times rulleskitur med finske Heikkinen og Martin Johnsrud Sundby.
– Som å sleppe laus oksar om våren
Heile denne veka trenar finnanes største VM-håp saman med langrennsgutta i Oslo. I 2011 tok Matti Heikkinen sitt einaste individuelle VM-gull nettopp her på 15 kilometer klassisk, nå har han flytta hit i jakta på eit nytt i Lahti neste år.
– Det er sjølvsagt ein god grunn til at eg har gode minne herfrå. Fakta er at det norske laget er det beste i verda. Alle andre spekulerer på kva dei norske gjer på trening. Derfor er det bra og kome hit for å trene saman med dei. Nå treng eg ikkje å spekulere lenger, nå veit eg, seier Heikkinen.
Spesielt i går fekk 32-åringen kjenne på kroppen korleis det norske landslaget trenar. Langrenns- og skiskyttargutta la ut på ei intervalløkt som blei hakket hardare enn det som var tenkt.
– Det var som å sleppe laus ein gjeng med oksar om våren. Me starta med fem 400-metrar på bane og fortsatte vidare opp i marka. Det var ikkje ei daglegdags økt og eg trur finnen blei skremt ja, ler Dyrhaug.
Det kan finnen bekrefte.
– Intensiteten i mai er mykje høgare enn kva me er vant til i Finland. Dei sprang «all in» frå start, det er veldig forskjellig frå det me gjer, seier Heikkinen.
Didrik Tønseth var den som sette opp på tempoet frå start.
– Me måtte jo vise finnen korleis me trenar. Det var kult, men me visste jo at det ville bli den tøffaste økta i år. Det er jo ikkje eigentleg slik me trenar i mai, men me kan jo lure Heikkinen til å tru det, flirer Tønseth.
Kan lære av Heikkinen
Tønseth og Dyrhaug ser ikkje på det som noko negativt at ein av dei største konkurrentane får trene med landslaget.
– Han er jo ein av verdas beste skiløparar som også me kan lære eit par triks av. Samtidig er han ein god kompis og ein seriøs skiløpar, seier Dyrhaug.
Saman med kona som har arbeidsutveksling på BI har Heikkinen busett seg på Slemdal. Der er det kort veg til økter saman med Martin Johnsrud Sundby.
– Sundby kjenner eg godt, me har konkurrert saman heilt frå Skandinavisk cup i 2002. Eg trur me kan dra nytte av kvarandre begge to og det er godt å ha ein lokal guide.