– Å kopiere Petter er jo nesten umogleg. Men får eg sisteetappen tek eg gjerne på meg den oppgåva.
Finn Hågen Krogh snakkar om Ski-Norges viktigaste ti kilometer. Ein ti kilometer lang etappe som Petter Northug har avslutta på best mogleg vis i alle VM sidan Sapporo i 2007.
Men i vinter kan det bli ei endring.
– Finn Hågen er ein heit kandidat
For ennå har ikkje Petter Northug sett namnetrykket sitt på ein representasjonskontrakt med Norges Skiforbund, og kan følgjeleg ikkje gå ankeretappen på dei to verdscupsstafettane for Noreg i vinter om det står seg.
Då må ein ny mann inn, og med avsluttareigenskapane og kapasiteten Finn Hågen Krogh viste sist sesong kan han seile opp som vår nye ankermann.
– Eg trur Finn Hågen er ein heit kandidat til å vere den erstattaren. Han kan fylle mange av dei eigenskapane som Petter har, meiner lagkompis på sprintlaget og i dag surfekompis Eirik Brandsdal.
NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn er heilt einig med sprintaren.
– For meg er det Finn Hågen Krogh og Sjur Røthe som peikar seg ut som eventuelle nye ankermenn. Dei har begge stor kapasitet, toler høg fart over tid og har ein god spurt, som er dei viktigaste eigenskapane som ein må ha på sisteetappen, meiner Bjørn.
Trur Northug går verdscup
Sjølv er finnmarkingen kledeleg beskjeden, men innrømmer at det er ei rolle han har lyst på, anten etter at Northug legg opp eller forsvinn frå verdscupen. Likevel håpar han framleis på å få med seg Northug på tur rundt i verdscupen i vinter.
– Eg både trur og håpar Petter kjem til å gå verdscup. Det trur eg er viktig for både Petter og Skiforbundet. Eg kan gjerne ta tredjeetappen og legge opp smashen til Petter også eg, seier 25-åringen med eit lurt smil.
– Er du ein mann som kan takle det presset ein har på ein sisteetappe for Noreg?
– Ja, eg går som oftast fortast viss eg har press på meg. I renn som ikkje er så viktige går eg som regel ekstremt dårleg, så eg trivst godt med litt press.