Hopp til innhold

Finland har lidd i 81 år. Ein tidlegare skulelærar kan endre alt

Markku Kanerva kan gjere seg fortent til statue etter Finlands landskamp mot Liechtenstein i kveld, ein kamp som truleg sender Finland til eit større meisterskap for aller første gong.

Euro 2020 Qualifier - Group J - Armenia v Finland

VERD STATUE: Markku Kanerva er i ferd med å bli folkehelt i Finland ved å føre landet til eit meisterskap

Foto: Irakli Gedenidze / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Om det blir statue av det, håpar eg at den viser elleve spelarar for å symbolisere betydninga av lagspelet og lagånda under denne kvalifiseringa. Uansett kvar og når statuen måtte kome, fleipa han under siste pressekonferansen før kampen.

Uttalen fortel litt om verdiane til 55-åringen frå Helsingfors. Den tidlegare skulelæraren har vist seg å vere ein meister i lagbygging.

Som aktiv forsvarsspelar fekk han 59 kampar for landslaget frå 1986 til 1995. Seinare prøvde han seg så vidt som klubbtrenar.

Men det er i ulike landslag Kanerva har vist kva han kan. Han blei henta inn til U21-landslaget i 2004, og bygde dei gradvis betre. Han makta å føre dei til EM i 2009, for første gong i finsk fotballhistorie.

Det gav han tittelen Årets trenar på den finske idrettsgallaen same året, og han blei henta til assistenttrenar for A-landslaget året etter. Etter at Stuart Baxter fekk sparken, fekk Kanerva mellombels hovudansvaret.

Det same skjedde i 2015, etter at Mixu Paatelainen blei sparka.

Og då Hans Backe også måtte slutte etter ein fadeseprega 2016-sesong utan ein einaste siger, blei Kanerva henta inn igjen – endeleg på permanent basis.

Finske kommentatorar legg vekt på at Kanerva har greidd å kombinere enkle og tydelege idear med humor og glede, i tillegg til at han har eit godt utvikla såkalla «vinnande vesen». Derfor har han greidd å bygge eit landslag utan noko betre materiale enn hans forgjengarar.

Finsk fotballjubel

JUBEL: Finnane bur seg på fest både på og utanfor bana i kveld og i natt

Foto: Heikki Saukkomaa / AFP

Mange får ikkje billett

Det var eit godt val. Kanerva bygde opp eit lag som vann si gruppe i nasjonsligaen i fjor, og som no er 99 prosent sikker på EM-deltaking neste år. Berre vesle Liechtenstein – nummer 181 på verdsrankingen – står i vegen.

– Draumen har aldri vore så nær, skriv Hufvudstadsbladet i dag.

Som trenarar flest, vil han ikkje ta sigeren på forskot, sjølv om det er Liechtenstein som er motstandar. – Men målet er nær, seier han til den finske kringkastaren YLE.

– Dette blir den største kampen i finsk fotballhistorie, seier Kriso Voajärvii, journalist i den finske allmennkringkastaren YLE.

– Eg kjenner mange som hadde gitt opp håpet, og trudd at denne dagen aldri skulle kome når Finland kvalifiserer seg for ein stor meisterskap.

– Vi skriv 15. november og veit knapt om vi skal sitje, stå, skrike, skratte eller gråte. Det tok eit liv å kome så langt. På 90 minutt kan landslaget endeleg jage bort alle spøkelse som har heimsøkt eit heilt fotballfolk. Dette er ein kveld for heltar. Gjer det, no, skriv YLE-kommentator Mats Ahlnås.

Ettersom Olympiastadion er under renovering, blir kampen i kveld spela på ein mindre arena med plass til berre 10.000 tilskodarar.

– Det betyr at det er mange som ville gått på kampen, men som ikkje får billett, seier Voajärvi.

Folkefest i storbyane

Teemu Pukki og Markku Kanerva

MELLOMFORNØGD: Markku Kanerva går av bana saman med Finlands største stjerne Teemu Pukki etter 1-2-tapet for Italia tidlegare i haust

Foto: Lehtikuva / Reuters

Han meiner det er teikn som tyder på at fotballkulturen tek til å vakne i Finland.

– Så vidt eg veit, blir det arrangert folkefestar på torget i våre største byar som Helsingfors, Åbo, Tammerfors og fleire i kveld, seier YLE-journalisten.

Finnane har delteke i kvar einaste EM-kvalifisering sidan 1968, og i alle VM-kvalifiseringar sidan 1938. Utan suksess på 32 forsøk.

Nærmast meisterskapsdeltaking var Finland i VM i 1998, under leiing av danske Richard Møller Nielsen. I siste gruppekamp i kvalifiseringa i november 1997 ville dei klare kvalikplass med siger over Ungarn. Finland, med verdsstjerna Jari Litmanen på laget, leia lenge 1–0. Men seks minutt på overtid rota dei det til i forsvaret, laga sjølvmål, og Ungarn snappa kvalikplassen.

I ei avrøysting i avisa Helsingin Sanomat i 2008 blei det kåra til det bitraste sportsminnet i Finland.

Men i kveld, på det 33. forsøket, skal det lykkast. Det kan gå mot ein heit finsk fredagskveld.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal