– Hadde eg vore ein annan enn broren til Jakob på oppløpet der, så hadde han gitt meg ein skulder eller olboge. Heldigvis har han litt broderleg kjærleik, seier Filip Ingebrigtsen til NRK etter løpet og ler.
For søndag klaffa det igjen for Filip, etter ein litt tung sesongstart der kroppen ikkje har fungert optimalt.
– Endeleg kan vi ha eit intervju der eg slepp å kome med unnskyldningar om kvifor eg sprang så dårleg. Eg var ikkje så veldig gira i utgangspunktet i å dra så langt, men det viser at når du er i god form og gjer det rette, så kan du springe raskt uansett, fortalde han vidare.
Nærmar seg rekorden til storebror
Brørne starta defensivt og la seg langt bak i feltet. Ut på siste runde sette derimot Jakob opp farten og klatra i feltet, tett følgd av storebror Fillip. Men i innspurten vart storebroren sterkast og kunne sikre seg tredjeplassen, bak Timothy Cheruiyot og Ayanleh Souleiman.
GLAD: Filip og Jakob Ingebrigtsen har trua på at dei skal ta norgesrekorden til storebror Henrik veldig snart.
Foto: Anders Skjerdingstad– Jakob spring bra, og endeleg klarar eg å slå følgje, så det er bra å kjenne at eg er der eg bør og skal vere. Det absolutt gøy å ikkje berre springe og sjå på.
– Det var eit kongeløp. Eg gjorde det same som i fjor, berre endå betre, sa Jakob Ingebrigtsen ,som var glad for å ha Filip tilbake på pallen.
Med tida 3.51,28 var Filip berre cirka et halvt sekund bak Henrik Ingebrigtsen sin norske rekord på 3.50,72.
– Eg trur han er veldig glad for dei rekordane han har, og det skal han vere, for dei er veldig gode. Men han har halde på i mange år. Jakob har mange sjansar igjen, og eg håpar eg og har ein del år igjen, så eg reknar med vi er enda nærare den ved neste løp, svarar Filip.
Det vart uansett personleg rekord på ei engelsk mil for både Filip og Jakob.
Flytta seg ni tidssoner
Det var knytt stor spaning i forkant av løpet på søndag. Brødrene kom rett frå høgdetrening i St. Moritz og dei flytta seg ni tidssoner frå Sveits til California så seint som fredag.
Jakob har imponert stor på trening før avreise, medan Filip har variert litt meir.
Under Bislett Games 13. juni jakta brørne Jakob og Filip Ingebrigtsen sin første Diamond League-siger til familien og ny norsk rekord på ei engelsk mil. Men sjølv om spesielt Jakob la opp til eit offensivt løp, enda det til slutt med sjette- og niandeplass.
– Spesielt Jakob vart altfor ivrig. Han gjekk på for mykje, og kasta bort krefter på tull og tøys, sa Gjert Ingebrigtsen til NRK etter «The Dream Mile» under Bislett Games 13. juni.