Hopp til innhold

Filip Ingebrigtsen er redd magen skal øydelegge igjen: – Usikker på om eg har kontroll

LISBOA (NRK): Magekramper øydela for Filip Ingebrigtsens gullsjansar i VM. Før EM i terrengløp veit han framleis ikkje om han kan springe utan problem.

Filip og Jakob Ingebrigtsen i Lisboa

EM i terrengløp i Lisboa var eigentleg ikkje i planane til Filip og Jakob Ingebrigtsen. Nå er dei likevel klare til start, men spring ikkje mot kvarandre.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Filip Ingebrigtsen låg an til å kjempe om medalje på 5000 meteren i Doha da han måtte bryte ein runde før slutt. Magekramper øydela gullsjansane.

Far Gjert Ingebrigtsen er bekymra for at det same skal skje igjen i søndagens EM i terrengløp der mellomstebror er tittelforsvarar.

EM blir ein test for magen

– Eg er litt spent på det sjølv. Eg har prøvd å springe eit par løp der eg må puste mykje og ikkje får dei pausane undervegs som eg får på intervalltrening. Det har funka dårleg, seier Ingebrigtsen.

Filip Ingebrigtsen

Filip Ingebrigtsen er spent på korleis magen reagerer når han nærmar seg slutten på det 10 kilometer lange løpet i morgon.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Han har akkurat tatt ein kikk på søndagens løype i Lisboa. Saman med veslebror Jakob kjem han direkte frå høgdeopphald i Flagstaff.

Team Ingebrigtsen har jobba mykje med å få svar på kva som skjer når krampene kjem på slutten av løp sidan VM. Filip har tatt både MR, CT og har gjort avspenningsøvingar.

Men om tiltaka dei har gjort fungerer får dei ikkje svar på før i morgon.

– Til nå har det vore problem når eg spring samanhengande over tid, opp mot 15-20 minutt. Det har eg ikkje fått testa skikkeleg. Det blir ein test i morgon om me er på rett veg.

AFP_1L31R6

Både i VM i Doha og i Diamond Leauge-stemnet i Roma har Filip Ingebrigtsen fått problem når det har nærma seg slutten på lange løp.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Seniorklassa spring rett over 10 kilometer, mens Jakob i U20-klassa slepp unna med 6,2.

Kan ikkje prestere på topp

Det var i Diamond League-stemnet i Roma i sommar han kjente krampene for fyrste gong. Så skjedde det same i VM og i 10-kilometerløpet, Hytteplanmila, som er sist gong dei to hadde startnummer på.

– Det ligg litt i bakhovudet, når det er såpass avgrensande som det er når eg fyrst får det. Eg håpar eg slepp det, for eg kan ikkje prestere på topp om eg får krampene igjen undervegs.

Meisterskapet i Lisboa var eigentleg ikkje i planane til brørne Ingebrigtsen. Men vinterlege forhold i USA har tvinga dei til å trene inne dei to siste vekene. Da blei Gjert meir positiv til å la dei to reise heimover før.

Filip og Jakob

Begge brørne er tittelforsvarar etter gull i junior og seniorklassa i nederlandske Tilburg i fjor.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Jakob må springe i U20-klassa

– Det er jo ikkje oss det står på. Når me får moglegheita til å konkurrere, klarer me jo ikkje å halde oss vekke, gliser Filip.

Han slepp å møte veslebror Jakob i morgon, som er nøydd til å springe ein siste gong i juniorklassa. Ei klasse han har vunne dei siste tre åra.

– På ein måte skulle eg ynskje eg skulle springe i seniorklassa og mot Filip. Men me har hatt ein lang sesong der me har springe mykje mot kvarandre. Eg gler meg til eg ikkje har sjansen til å springe i juniorklassa, seier 19-åringen.

  • Sjå EM terrengløp her og på NRK 2 frå 10.55 (Jakob Ingebrigtsen, i U20-klassa) 13.25 (Filip Ingebrigtsen og Didrik Tønseth i menn senior) og 14.25 (Karoline Bjerkeli Grøvdal i kvinner senior)

Siste nytt

  • 35-åringen sikret EM-bronse på spektakulært vis

    35 år gamle Yasmani Copello tok en sterk bronsemedalje på 400 meter hekk, der Kasten Warholm tok gull til slutt.

    Mens Warholm var overlegen, var det full kamp om medaljene bak ham. Copello valgte til slutt å sikre seg medalje på spektakulært vis, da han kastet seg over målstreken.

    – Jeg kastet meg over, for det var umulig for meg å ta igjen én meter, smiler 35-åringen i intervju med NRK.

    – Jeg er veldig fornøyd. Denne sesongen har vært veldig vanskelig, for jeg har hatt mange skader. Jeg har ikke trent bra. I eugene kløpte jeg ikke bra. Nå har jeg EM-medalje igjen, sier tyrkeren.

  • Medaljen glapp for Amalie Iuel

    Amalie Iuel stivnet på tampen på 400 meter hekk, og endte på femtplass. Tiden ble til slutt 55,32.

    Hun hang med i medaljekampen lenge, men det holdt akkurat ikke for 28-åringen.

    Men det er karrierebeste plassering i mesterskapssammenheng. Likevel var hun ikke nevneverdig fornøyd etter løpet.

    – Det er litt sånn småkjipt å se at gårsdagens tid hadde holdt til medalje, sier Iuel.

    Jeg løp og ga mitt beste, men det var ikke nok igjen på oppløpet, sier hun.

    Trener Leif Olav Alnes var imponert.

    – Det var kjempebra. Det er litt krevende i bane én. Jeg synes det er strålende, sier Alnes til NRK.

    Han tror at forsøket og det å løpe på innerste bane kan ha kostet litt. Men treneren forteller at de så på det positive før løpet.

    – Jeg tror Amalie kan bli en del bedre. Det er sånn at det hjelper å trene, hun er flink til det. Det er fint å se at det går an, sier han.

    Friidrett, EM i München
  • Casemiro klar for Manchester United

    Real Madrid-stjernen er klar for Manchester United. Det bekrefter United på sine nettsider. Kort tid senere bekrefter også Madrid overgangen.

    Klubben skriver at personlige betingelser, visum og medisinsk test gjenstår før overgangen er i boks.

    Klubben opplyser ikke om lengden i kontrakten til brasilianeren, men flere melder at den strekker seg over fire år, med opsjon på et femte år.

    Ifølge Sky Sports betaler Manchester United i overkant av 60 millioner euro (589 millioner kroner) for 30-åringen.

    Han kommer fra en utrolig Real Madrid-karriere, der han står med tre seriegull og fire titler i Mesterligaen

    Champions League Final - Liverpool v Real Madrid
    Foto: MOLLY DARLINGTON / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 53 klipp
Sport
Spiller nå
Johaug røper nye dopingdetaljer i bok 00:53
Neste