Sju land – Bahrain, Egypt, Saudi-Arabia, Emirata, Jemen, Libya og Maldivene – har brote alt diplomatisk samband med Qatar på bakgrunn av skuldingar om at Qatar støttar terroristgrupper som «destabiliserer regionen».
Det har ført til at det internasjonale fotballforbundet FIFA har teke kontakt med Qatar, men vil ikkje kommentere kva dei kontaktane inneber.
– Ingen kommentar
– Vi har regelmessig kontakt med den lokale arrangementskomite, seier FIFA i ei pressemelding.
– Men vi har ingen ytterlegare kommentar utover det, skriv FIFA.
Det same seier både det asiatiske fotballforbundet og arrangørane i Qatar.
Som følgje av det diplomatiske brotet har fleire arabiske flyselskap stansa alle sine ruter til og frå Qatar.
Emirata, Saudi-Arabia og Bahrain har også nekta sjøtransport frå landet. Og Saudi-Arabia har stengt den einaste grenseovergangen Qatar har til lands.
Qatar er isolert
Qatar er dermed i realiteten fysisk isolert, og det blir meldt om hamstring av mat, skriv The Guardian.
På denne bakgrunnen er det at Qatar skal byggje seg opp mot fotball-VM om fem år.
Det tyske fotballforbundet (DFB) har også ytra uro omkring spørsmålet, og seier at dei vil diskutere situasjonen med den tyske regjeringa.
– Vi vil studere den komplekse politiske situasjonen i Midtausten og spesielt i Qatar, seier DFB-president Reinhard Grindel.
Ikkje VM i land som støttar terror
Det er framleis fem år til Qatar-VM.
– Derfor må vi jobbe for politiske løysingar heller enn boikott. Men la det vere heilt klart: Fotballen verda over må vere samd i at store turneringar ikkje skal spelast i land som aktivt støttar terror.
Tildelinga av VM til Qatar er frå før i hardt ver, og det er fleire gonger reist spørsmål om landet bør miste arrangementet. Dette spørsmålet kjem no tilbake med fornya styrke.
Tildelinga er allereie blitt granska av amerikanske FBI og sveitsiske styresmakter med mistanke om korrupsjon. Landet har også fått massiv kritikk for måten dei har behandla utanlandske arbeidarar som er der for å byggje opp arenaer og andre fasilitetar til VM.
Og i tillegg til alt det må FIFA flytte VM frå den vanlege tida i juni/juli til november desember på grunn av varmen.
Qatars hovudstad Doha skal også arrangere VM i friidrett i 2019, og mange andre store idrettsarrangement er planlagt i Qatar også før 2022.