Hotellet som stålset seg for ny politirassia

Dette er eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Sveits. Men på fasjonable Baur au Lac i Zürich stålset dei seg for det som kan bli den tredje politirassiaen på mindre enn eitt år.

Baur au Lac

TRADISJONSHOTELL: Baur au Lac vart opna i 1844 og er eitt av dei dyraste og mest fasjonable i Sveits.

Foto: STRINGER / Afp

Fordi det er her – på hotellet der romprisene er på opp mot 30.000 kroner natta – FIFA-toppane skal samlast til ekstraordinær kongress denne veka. Og begge dei to siste gongane FIFA-leiinga har teke inn, har politiet kome stormande.

  • 27. mai, dagen før FIFA-kongressen skulle opne: Klokka 06 gjekk sveitsisk politi til aksjon etter bestilling frå det amerikanske politiet FBI og arresterte sju FIFA-delegatar, mistenkte for korrupsjon av meir enn 200 millionar dollar.
  • 3. desember, styremøte i FIFA: Ny politirassia av same grunn. To FIFA-medlemer vart arresterte.
Baur au Lac

TIDLEG RASSIA: 27. mai i fjor slo politiet til tidleg om morgonen og arresterte sju FIFA-medlemmer. Eit halvt år etter gjentok det seg, då vart to arresterte. No undrar hotellet seg på kva som skje denne gongen

Foto: ARND WIEGMANN / Reuters

Fifa-presidentkandidat sjeik Salman bin Ebrahim al-Khalifa trur at desse rassiane fører til at delegater kan føle seg jakta på.

– Eg fryktar ay representantane frå medlemslanda ikkje vil føle seg trygge i Zürich, seier sjeiken.

Hotellet har ikkje teke skrekken, og er vertskap for FIFA også denne veka. Onsdag kjem dei første FIFA-gjestene. Hotell-tilsette held pusten og fryktar for hotellets rykte: Kjem politiet på døra også denne gongen?

Det håpar presidentkandidat al-Khalifa at dei slepp.

– Vi vil ikkje ha eit PR-stunt, seier sjeik Salman.

Familidrive sidan 1844

Men dei tilsette lar seg ikkje merke med urolege omstende. «Stiff upper lip» er det som gjeld.

– Vi er her for å ta best mogeleg vare på gjestene våre og deira behov for å vere konfidensielle, seier marknadsdirektør Sabine Hall til telegrambyrået AFP.

– Derfor kan vi ikkje svare på spørsmål som gjeld FIFA. Vi bed om respekt for det, seier ho.

Hotellet i idylliske omgjevnader like ved Zürichsee vart opna i 1844 av Johannes Baur, og har vore i familiens eige sidan. Det har lenge vore brukt av FIFA når dei har hatt toppmøte i byen. Om du er FIFA-delegat og ikkje har uttrykt andre ønskje om innkvartering, hamnar du automatisk her.

Men det søkelyset som Baur au Lac har vore i det siste året, er likevel nytt for det tradisjonsrike hotellet.

Fryktar omdømmesvikt

27. mai i fjor jobba dei som besett med å fjerne fotografane, men lykkast ikkje. 3. desember gjentok det seg, og no fryktar dei omdømmesvikt. For omfanget av FIFA-skandalen har ikkje nettopp blitt mindre.

No er hotellet i fokus på nytt. Fordi FIFA endå ein gong har valt å bruke dette hotellet, og hotellet har valt å ta imot FIFA igjen. Dermed vil dei nok ein gong kome i fokus.

– Mange av oss likar oss her, seier ein tidlegare FIFA-utsending lakonisk.

Hotellet er derfor fullt under kongressen.

Men det blir rapportert at det framleis er ledige celler på politistasjonen.

Siste nytt

  • Hovland fire slag bak i Dubai

    Viktor Hovland åpnet Dubai Desert Classic med en runde ett slag under par i vanskelige spilleforhold. Han er på delt 18.-plass etter de første 18 hullene, og er fire slag bak ledende Thomas Pieters. Turneringen i Dubai inngår i europatouren og varer til søndag. Forrige uke slet Hovland i sin sesongdebut. Da klarte han ikke cuten i Abu Dhabi. (NTB)

    Viktor Hovland spiller turnering i Dubai
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
  • Sørloth til kvartfinale

    Klubben til Alexander Sørloth, Trabzonspor, er videre til kvartfinale i den Tyrkiske cupen etter straffesparkkonkurranse. I det første oppgjøret mot Denizlispor vant klubben til Sørloth 2-0, men fikk det langt tøffere torsdag. Denizlispor skaffet seg en tidlig 2-0 ledelse, men i andreomgang fikk nordmannen muligheten fra straffemerket. Den reddet keeper og det stod 2-0 til Denizlispor etter full tid. Dermed måtte kampen avgjøres på straffesparkkonkurranse, og der var Trabzonspor best. Sørloth spilte hele kampen, men tok ikke en av de avgjørende straffene.

    Alexander Sørloth spilte hele kampen
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
  • Thingnes Bø vant i «comebacket»

    Johannes Thingnes Bø skjøt 20 treff og vant torsdagens 20 km i Pokljuka. Rennet var hans første i 2020, og hans første etter at han ble pappa til en gutt. Nordmannen var 11,4 sekunder raskere enn Martin Fourcade og 25,6 raskere enn Fabien Claude.

    Johannes Thingnes Bø under torsdagens normaldistanse i Pokljuka
    Foto: Darko Bandic / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal