Hopp til innhold

FIDE-topp langar ut mot Karjakin etter Russland-støtte

Den russiske sjakkstjerna Sergej Karjakin har vorte kraftig kritisert for Russland-utspela sine. No får han passet påskrive av FIDE-topp.

Sergej Karjakin

I TWITTER-KRANGEL: Sjakkstjerna Sergej Karjakin får gjennomgå av Nigel Short på Twitter.

Foto: Carina Johansen / NTB

For Nigel Short, visepresident i Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE), går hardt ut mot Sergej Karjakin på Twitter denne veka. Det heile starta då Short la ut eit bilete frå då han møtte Karjakin til eit sjakkparti i Kyiv.

Biletet er frå tida då Karjakin spelte under ukrainsk flagg. Sjakkstjerna vart russisk statsborgar i 2009, og har dei siste vekene vore tydeleg i si støtte av Putin sitt val om å invadere Ukraina.

Russland-støtta har gjort Karjakin svært upopulær i sjakken.

– Spelar mot Sergej Karjakin frå Ukraina, i Kiyv, skriv visepresidenten over biletet på Twitter.

Karjakin Short

STIKK: Nigel Short kjem med stikk til Karjakin på Twitter.

Foto: Skjermdump / Nigel Short / Twitter

Heftig Twitter-krangel

Innlegget har vorte ein «snakkis» i sjakkmiljøet, og det tok ikkje lang tid før Karjakin kasta seg på og svarte at det er han som gjekk sigrande ut av duellen, med siffera 7,5 – 2,5.

Short gav seg ikkje av den grunn.

– Absolutt. Det var ein soleklar siger til Ukraina. Ein kan lære mykje ved å lese historie, skriv Short.

Då Karjakin deretter spurde om omkamp, responderte FIDE-visepresidenten syrleg endå ein gong:

– Ja, sjølvsagt. Du kan spele ein kamp mot ein gammal, avdanka spelar i Russland (fordi ingen andre vil ha deg), og du vinn nesten heilt sikkert. I mellomtida blir sivile drepne i Ukraina, i ein krig som du støttar. Kva er mest viktig? skriv Short.

NRK har prøvd å komme i kontakt med Karjakin, førebels utan hell.

– Short tenkjer det alle tenkjer

Ifølgje sjakkekspert Atle Grønn er det ikkje er noko nytt at det stormar rundt Short på Twitter, men akkurat i dette tilfellet får visepresidenten truleg meir støtte enn vanleg.

Atle Grønn

EKSPERT: Atle Grønn.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Normalt ville det vore uproft av ein visepresident å komme med slike sleivspark. Han er ein laus kanon og har alltid vore det, seier Grønn.

– Short tenkjer det som alle tenkjer. Det er opplagt at Karjakin ikkje får lov å spele kandidatturneringa (VM-kvalifiseringa i sjakk). Det skal behandlast, men avgjerda er ikkje noko å lure på, seier han.

Medan Russland har vorte utestengd frå fotballen, friidretten, langrenn og mange andre idrettar, har FIDE førebels vedteke at russarane kan spele med nøytralt flagg.

Grønn er likevel heilt sikker på at Karjakin er ferdig i internasjonal toppsjakk. Russaren har allereie fått beskjed frå fleire storturneringar om at han er uønskt grunna Russland-støtta.

– Han vil ikkje kunne spele europeiske eller amerikanske turneringar, og han vil heller ikkje halde internasjonalt toppnivå med å spele lokale kampar i Russland, meiner Grønn, som også er professor i russisk ved Universitetet i Oslo.

Karjakin Carlsen

CARLSEN-KONKURRENT: Sergej Karjakin har møtt Magnus Carlsen i mellom anna langsjakk-VM.

Foto: EDUARDO MUNOZ ALVAREZ / AFP

– Putin-propaganda i konsentrert form

Sjakkeksperten beskriv Karjakin sine mange Russland-utspel som interessante.

– Det er interessant i den forstand at det finst nokon som støttar Putin, men i Karjakin sitt tilfelle er det så tydeleg. Det er Putin-propaganda i konsentrert form. Folk i vesten er ikkje vand til det, og frå Karjakins side blir det heilt ufiltrert. Han lever i ein russisk røyndom, og han undervurderer korleis det påverkar resten av vesten, seier sjakkeksperten.

Medan Karjakin viser si fulle støtte til Putin og regimet hans, er det fleire andre russiske sjakkspelarar som står på den heilt andre sida. Jan Nepomnjasjtsjij, som Carlsen overvann under VM i Dubai i desember, har mellom anna skrive «nei til krig» på sosiale medium.

Grønn trur kandidatturneringa i juni går utan Karjakin, men er ikkje sikker på om alle med russisk pass blir utestengde.

– Det er ingen som vil akseptere at Karjakin får spele. Med «Nepo» er det meir uvisst kva som skjer, trur Grønn.

Les også Karjakin med syrlig Carlsen-svar om Russland – NRK-ekspert ber russeren holde kjeft

Carlsen-Karjakin

Siste nytt

  • Nadal gjorde kort prosess i etterlengtet comeback – feide Cobolli av grusen

    Rafael Nadal imponerte da han endelig var tilbake på tennisbanen igjen. 37-åringen feide Flavio Cobolli av grusen i Barcelona Open.

    Nadal vant 6-2, 6-3 over den 62.-rangerte italieneren. Dermed tok han seg videre til kamp mot Alex de Minaur i neste runde. Nadal har vunnet turneringen 12 ganger.

    Det var gruskongens første kamp på favorittunderlaget siden han slo Casper Ruud i finalen i Roland-Garros i juni 2022. Han har vært plaget av skader siden da, og hans forrige kamp var i januar.

    Under skadeoppholdet har Nadal falt til 644.-plass på ATP-rankingen. (NTB)

    Nadal
    Foto: NTB
  • Norges håndballmenn møter Danmark og Frankrike i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og tittelforsvarer Frankrike da trekningen for OL-turneringen i håndball for menn ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe B med Danmark, Ungarn, Frankrike, Egypt og Argentina.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    OL-turneringen i håndball spilles fra 27. juli til 11. august. Innledningskampene er lagt til Paris Expo Porte de Versailles, og finalerundene skal spilles i Stade Pierre-Mauroy i Lille.

    Frankrike er tittelforsvarer i OL både for kvinner og menn. (NTB)

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters
  • Norges håndballkvinner møter Danmark og Sverige i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og Sverige da trekningen for OL-turneringen i håndball for kvinner ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe A med Tyskland, Slovenia, Sverige, Danmark og Sør-Korea.

    Norges herrer møter Danmark, Frankrike, Ungarn, Egypt og Argentina i deres OL-gruppe.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    Norge var i samme seedingspulje som Kroatia, og kroatene var dermed de eneste Norge ikke kunne trekke. Frankrike fikk som tittelforsvarer velge gruppe etter at fem lag var trukket i hver. (NTB)

    gaGQ0Njsuwg
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal