Det var spelarar i Haugesund Seagulls som fekk tilbodet i samband med førstedivisjonskampen mot Hasle-Løren sist helg.
Spelarane blei kontakta på Instagram med tilbodet. Dei varsla klubben som i sin tur sa frå til Norges Ishockeyforbund før kampen.
Begge laga og dommarane blei informerte, og kampen blei spela som planlagt.
– Vi fekk melding om at fleire spelarar hadde blitt kontakta av nokon som ville tilby pengar for å påverke resultatet, slik vi tolka det, seier generalsekretær Ottar Eide i Norges Ishockeyforbund til NRK.
Overtatt av Økokrim
Saka blir no etterforska av Økokrim, som har hatt møte med dei aktuelle spelarane.
Berre ein av spelarane som blei kontakta, var med på kampen, og forbundet tok tak i saka på bakgrunn av det. Dei kontakta Lotteritilsynet, Økokrim, juridisk avdeling i Norges Idrettsforbund og Norsk Tipping, og orienterte om hendinga.
VARSLA KLUBBANE: – Det er viktig å varsle spelarane om at dei kan få slike tilbod, seier generalsekretær Ottar Eide i Norges Ishockeyforbund
Foto: Geirr Larsen / NRK– Saman blei vi samde om kva vi skulle gjere med kampen. Vi gav god informasjon til laga og dommarane, og vi var trygge på at dette gjekk i forsvarlege rammer, seier han.
Ottar Eide meiner det er viktig å seie frå om at dette skjer på norske baner, og at spelarar i alle klubbar og i alle idrettar kan bli kontakta for å kunne påverke eit spel.
Han kjenner ikkje heilt til den nøyaktige ordlyden i twittermeldinga spelarane fekk.
– Men dei blei kontakta på sosiale media med tilbod om pengar for å påverke kampen.
Eide er kjent med at kampfiksing skjer i internasjonal idrett.
– Heldigvis har vi ikkje så mange episodar av slikt her i landet. Men vi veit også frå andre nordiske land at kampar blir fiksa og at spelarar blir tekne for medverknad til kampfiksing.
– Varslingsplikt
– Korleis reagerte du?
– Eg blei litt forundra, fordi vi ikkje hadde venta at det skulle skje. Men samstundes er det ein vekkar for oss. Det er viktig at vi får det fram, slik at spelarane veit at dei kan bli offer for den type gambling, og at dei ikkje skal tenke at «dette gjer ikkje noko, det er lettente pengar». 100.000 kroner er ganske mykje. Men det går ut over karrieren, og det er også straffbart, seier generalsekretæren.
Forbundet har sendt ut orientering om hendinga til alle klubbane i dei tre øvste divisjonane for menn, til eliteklubbane for kvinner, og til eliteklubbane i U18 og U21.
Det miljøet som prøver å fikse kampar, gjer dette på ein profesjonell og utspekulert måte, og det er viktig at både spelarar og lagleiing set fokus på dette, skriv forbundet til klubbane.
– Vi har bedt dei ta opp problemstillinga med spelargruppene og lagleiingane, slik at dei veit kva som kan kome. Dei har varslingsplikt overfor sin klubb, som igjen varslar oss, seier Ottar Eide.
Han seier at det som har skjedd, er uvant.
– I Norge trur vi veldig på det gode i mennesket, og vi høyrer at slikt skjer i utlandet. Men at det skjer her, er inga god kjensle.
- I ein tidlegare versjon av denne saka sto det at spelarane blei kontakta via Twitter. Det riktige er Instagram.