Hopp til innhold

NRK-team måtte levere inn kamera

– Vi måtte levere inn kameraet på flyplassen i Doha, og vi måtte gjennom avhøyr dagen etter før vi fekk det tilbake med svært avgrensa løyve til å fotografere, seier NRKs Kim Peder Rismyhr.

Kim Peder Rismyhr

– Det er ikkje lett å drive journalistikk i Qatar, seier NRK-reporter Kim Peder Rismyhr. Qatar skal arrangere store idrettsarrangement som friidretts-VM i 2019 og fotball-VM i 2022

Foto: Kim Peder Rismyhr / NRK

Han og fotograf Tobias Prosch Simonsen fekk tydeleg merke kor vanskeleg det er å jobbe i Qatar, landet som skal arrangere fotball-VM i 2022 og friidretts-VM i 2019.

Qatar-løyve til foto

Dette er løyvet NRK-teamet omsider fekk. Der står det at det gjeld berre intervjuet med Mutaz Essa Barshim. Men det var det ingen som fekk vite, ettersom dokumentet var på arabisk

Foto: Kim Peder Rismyhr / NRK

Føremålet med reisa var å lage ein reportasje om høgdehopparen Mutaz Essa Barshim, som bur i Doha, og elles filme til innslag som skulle brukast i NRK-sendinga frå Diamond League-stemnet i byen nokre dagar seinare.

– Men straks etter at vi hadde passert pass- og trygleikskontrollen på flyplassen, tok dei frå oss alt av kamerautstyr. Vi hadde ikkje løyve til å filme, eit løyve vi skulle ha søkt om minst 25 dagar før vi reiste. Det visste ikkje vi noko om. Vi måtte til kontoret til noko som heiter Qatar News Agency for å få rydda opp, fortel Rismyhr.

Måtte involvere «Bislett-generalen»

Kontoret låg ein times køyring frå flyplassen, og då NRK-teamet kom dit, var klokka 20 og kontoret stengt.

Neste morgon var dei på plass klokka åtte. Der måtte dei inn til avhøyr, ein om gongen, for forklare kvifor dei var der, og kva dei ville filme. Det forklarte dei, men dei ville ikkje la teamet få lov.

Foto-løyve

Dette er Qatars krav for å ta med seg kamera inn i landet

Foto: Kim Peder Rismyhr / NRK

Løysinga vart å ringe til Steinar Hoen. Han er sjef for Bislett Games og har gode kontakter i Diamond League-sirkuset.

– Hoen kontakta sentrale personar hos Doha-arrangøren, som forklarte QNA-folka kva vi skulle. Omsider fekk vi derfor dei nødvendige papira og kameraet tilbake, seier Rismyhr.

Løyve på arabisk

Men problema var slett ikkje over for journalisten og fotografen frå NRK. Etter intervjuet med Barshim, gjekk dei ut i byen og filma litt frå bymiljøet, hus og skyskraparar – bilete til sendinga frå stemnet.

Det gjekk ikkje bra. Straks vart dei bedne om å skru av kameraet. Løyvet dei hadde fått – skrive på arabisk – gjaldt nemleg berre intervjuet, ikkje noko anna.

– Vi var dritnervøse

Neste dag reiste dei to ut til ein mindre by og skulle gjere stand up-opptak framfor nokre kamelar. Det tok to minutt, så var politiet på plass: Skru av kamera, elles kan de bli straffa med fengsel.

Kim Peder Rismyhr

Selfie med turistkamera: Kim Peder Rismyhr med bilete han tok sjølv, med fare for å bli fengsla

Foto: Kim Peder Rismyhr / NRK

– Det enda med at vi filma med eit lite kamera, som ein turist. Vi var dritnervøse, det køyrde bilar forbi heile tida, og vi frykta å bli sett av hemmeleg politi. Vi var nærmast paranoide då vi tok dei siste bileta, seier Kim Peder Rismyhr.

NRKs Nils Fredrik Røren var i Doha i fjor i same ærend. Han fekk filme nokså fritt den gongen.

– Så det er tydeleg at dette er stramma kraftig inn siste året, seier Rismyhr.

Det har også andre fått erfare. Tidlegare denne månaden vart eit tysk tv-team arrestert , og for berre nokre dagar sidan blei ein BBC-journalist også arrestert på jobb i Qatar .

Qatars forklaring på arrestasjonen av BBC-journalisten er at BBC gjorde eigne intervju i staden for å vere med på den offisielle turen, arangert av informasjonskontoret. Dermed gjekk dei inn på privat område utan lov.

The Government Communications Office invited a dozen reporters to see - first-hand - some sub-standard labour accommodation as well as some of the newer labour villages. We gave the reporters free rein to interview whomever they chose and to roam unaccompanied in the labour villages.

Perhaps anticipating that the government would not provide this sort of access, the BBC crew decided to do their own site visits and interviews in the days leading up to the planned tour. In doing so, they trespassed on private property, which is against the law in Qatar just as it is in most countries. Security forces were called and the BBC crew was detained.

Qatars offisielle informasjonskontor

Siste nytt

  • Zuccarello-scoring i Wild-tap

    Seattle Kraken slo Minnesota Wild 4-3 torsdag kveld og avsluttet grunnserien for de to lagene som ikke kom med i sluttspillet.

    Krakens Tye Kartye sto for 3-2-målet da det sto igjen 2.40 i siste periode. Ett minutt senere gikk Kraken opp i en 4-2-ledelse før Wilds Brock Faber reduserte til 4-3 ett minutt før kampslutt.

    Kirill Kaprizov scoret sitt 46. mål for sesongen i powerplay i første periode, og Mats Zuccarello scoret det utlignende målet for Wild midtveis i tredje periode. Det ble hans tolvte mål for sesongen.

    Nordmannen fikk 23 minutter og 44 sekunder på isen i den avsluttende hjemmekampen. (NTB)

    pa39-a-fBGA
    Foto: AP
  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal