– Utan familien hadde det ikkje gått. Det er 110 prosent frå alle. Eg trur vi er den familien i Norge som har satsa mest og ofra mest dei siste 40 åra innan motocross, fortel tenåringen til NRK.
For det har kosta å komme dit han er i dag. Sist veka flytta ungguten aleine til Italia, der han har fått proffkontrakt. I februar skal han køyre sin første VM-runde på seniornivå.
– Det blir tomt her heime. Eg gruar meg litt til det, men samtidig veit eg at han klarar det. Det er dette han vil, seier mamma Gro Horgmo.
Kan nå verdstoppen
Historia om Kevin Horgmo starta i svært ung alder – heime på Åmot i Buskerud. På fireårsdagen fekk han ein firehjuling av besteforeldra. Seks år gamal deltok han på si første samling. Dagen etter var første sykkel bestilt.
– Heile slekta har jo likt motorsport. Eg såg cross på filmar og dvd då eg var liten. Sidan det har eg alltid drøymt om å bli rockestjerna innan motocross, seier den målbevisste tenåringen.
Ein av dei som tidleg oppdaga talentet er Kenneth Gundersen. Mannen med ein femteplass i VM og ein av dei største innan sporten i Norge er trenar for tenåringen. Ei oppgåve han har hatt sidan han oppdaga talentet til Horgmo som sjuåring, same året som han sjølv offisielt la opp som proff.
– Han er eit mykje større talent enn meg. Han kan nå heile vegen til toppen og bli verdsmeister, seier Kenneth Gundersen og legg til:
– Den brennande interessa og gløden har han alltid hatt. Men hans største eigenskap er at han lærer veldig fort.
Jula som varer heilt til påske
Heime på Åmot står framleis langbordet frå juleselskapet i fjor slått ut. I hjørne på guterommet ligg plastjuletreet med lysa på. Det vart først rydda ut av stova ved påsketider.
Det er slike ting som er blitt prioritert vekk for å nå må målet om verdstoppen.
Pappa Øyvind han fungert som mekanikar, i tillegg til full jobb utanom. Saman med kona Gro har dei følt sonen verda rundt i ein bubil.
OFRA: Pappa Øyvind Horgmo har vore mekanikar for sonen gjennom heile livet.
Foto: Frode Søreide / NRK– Vi har brukt alt av tid og alt av pengar, og litt til har godt med, seier pappa.
Men han er rask med å legge til at det heile har vore verd det og med proffkontrakt i Italia får man endeleg betalt litt for strevet.
Til no har interessa gitt han fleire titlar som noregsmeister, svensk meister, gull i junior-VM og ein tredjeplass i EM for å nemne nokon. Men snart er han altså klar for det som heile tida har vore den store draumen. Å få køyre på øvste nivå.
– Det er eit kritisk punkt i karriera, når man er 19 og framleis køyrer EM. Man må ta eit steg ut og kome seg opp i VM-sirkuset. Og det har eg jo fått mogelegheita til no.
Siktar mot verdstoppen
I Italia skal Kevin trene saman med andre. I februar startar første VM-runde for 19-åringen. Sidan går det slag i slag til langt ut på hausten.
MÅLBEVISST: 19-åringen siktar høgt og har som mål å bli ein av verdas beste.
Foto: Frode Søreide / NRK– Målet er å vere mellom dei 20 beste dette året, og så om eit par år ta plass på pallen.
Men ungguten har også eit meir langsiktig mål.
– Eg vil halde på til eg er 35 år og leve av det. Ha det moro, køyre cross og vere på eit toppnivå så lenge som mogeleg.
– Det handlar jo om fart og spaning. Men det som gjere det spesielt er jo samhaldet man har, både på samling og løp. Alle har mål om å bli best mogelege, legg han til.
Men skal vi tru trenaren, så handlar det også om eit stort talent.
– Dessutan har han jo ikkje begynt å springe etter damene, og det er ein stor fordel, seier Gundersen og ler.
VERDSTOPPEN: Kevin Horgmo er klar for sine første VM-rundar på seniornivå i februar.
Foto: Huub Munters / Foto