– Regnet kom på eit uheldig tidspunkt for meg. Det hadde vore betre om det kom tidlegare eller seinare, sa han.
På stillinga 1-1 i sett og 3-2 til Djokovic i tredje sett, kom regnet, og kampen måtte avbrytast i 20 minutt.
Deretter klarte Federer aldri å matche Djokovic slik han hadde gjort før avbrotet.
Deler æra med Boris Becker
Novak Djokovic forsvarte sigeren frå i fjor og slo Roger Federer med tre sett mot eitt i Wimbledon-finalen søndag. Han tilskriv Boris Becker mykje av æra.
– Ja, dette er like mykje hans siger som min, seier den 28 år gamle serbaren etter 3–1 over Federer på Wimbledon-graset søndag ettermiddag.
Han engasjerte Becker for eitt og eit halvt år sidan, og det har gitt resultat.
– Vi hadde våre språklege problem, og det tok litt tid for å finne den rette kjemien. Men etterpå har samarbeidet gitt tre titlar for Djokovic. Som no har like mange Wimbledon-sigrar som Becker.
– Vi tek oss nok eit glas vin saman i kveld, sa Djokovic.
To tie-break i starten
Dei to første setta var jamne, og begge gjekk til tie-break. Djokovic vann det første med 7-1, Federer det andre med 12–10.
Men så vart kampen avbroten av regn, og deretter viste Djokovic si klasse. Han braut Federers servegame til 3–2 i andre sett og vann til slutt 6–4. Og i siste sett var han klart best og avgjorde med 6-3, i ein kamp som varte i nesten tre timar.
Dermed kunne Djokovic feire slik han har gjort på centre-courten i Wimbledon to gonger før: Gå ned på kne og ta ein jafs av graset.
– Det er alltid ei stor utfordring å spele mot Roger. Dei fleste spelarane i min generasjon ser opp til han, sa Djokovic etter å ha nedkjempa mannen som fyller 34 år i neste månad.
– Han tvingar deg til å flytte grensene og jobbe hardt for kvart einaste poeng, la Djokovic til.
Niande grand slam-siger
Sigeren er Djokovics niande grand slam, og hans tredje i Wimbledon. Tidlegare i år har han vunne Australian Open og spela finale i French Open.
– Han viste at han er den beste. Eg hadde mine sjansar i første sett, var heldig og vann det andre, og hadde også sjansar i det tredje. Men han er solid som stein. Eg spela ikkje dårleg i dag, men han var betre, sa Federer om sin overmann.
Søndag vart Djokovic den første som forsvarte tittelen i Wimbledon sidan Federer vann fem gongar på rad frå 2003 til 2007.