Serena Williams slo femteseeda Li Na frå Kina med solide 6–0 og 6–3. Ho køyrde over motstandaren i første sett, men fekk meir motstand i det andre. Li avverja heile seks matchballar før ho måtte gi tapt for tittelforsvararen.
– Det var ein god kamp. Det vart tøft til slutt, og eg var ei stund litt nervøs. Derfor var det godt den sat til slutt, sa Williams etter at den sjuande matchballen hadde gitt siger.
– Det hadde vore fint å kunne klare å forsvare tittelen denne gongen sa Williams.
Li Na forsto at ho kjempa mot ein sterk motstandar, og vedgjekk at ho var meir nervøs enn ho burde vere før første sett.
– Då eg gjekk ut på bana, hadde eg ei kjensle av at den var svært stor. Det var nesten som å gå ut på ei fotballbane, sa den kinesiske jenta.
– Men mot slutten fekk eg iallfall vise at eg kan å spele tennis, la ho til.
Ho vann US Open i 1999, 2002 og 2008.
Har tapt to av tre mot Azarenka
Og så glad blir Victoria Azarenka når ho er klar for finalen i New York
Foto: Darron Cummings / ApSerena Williams har vunne 12 av sine 15 kampar mot Azarenka, men tapt to av dei tre siste.
– Når du spelar mot Serena, må du spele på topp. Og ho får meg til å yte mitt beste, sa kviterussiske Azarenka.
Ho hadde ingen store problem med den italienske sensasjonen Flavia Pennetta, og vann 6-4, 6–2. Azarenka fekk merkbar motstand i første sett, men var klart best i det andre. Kampen varte i 94 minutt.