– Eg blei like overraska som resten av fotball-Norge. Det verkar relativt urimeleg, seier far til Ole Selnæs, Ivar Selnæs til NRK.
Tidlegare i dag blei det kjend at landslagsspelar Ole Selnæs må sone karantene på fire landskampar. Det betyr at han i praksis er ute i 11 månadar og at han ikkje får spele VM-kvalifiseringskampen mot Tsjekkia i november, samt kampane mot Nord-Irland, Tsjekkia og Aserbadsjan i 2017.
Straffa kjem etter ein episode i spelartunnellen etter 0-1-tapet mot Aserbajdsjan for ein månad sidan. Selnæs skal ha slengt krasse ord til assistentdommaren i kampen.
–Eg beklagar uttalelsene eg kom med etter kampen, det var dårleg håndtert av meg. Samstundes er eg svært skuffa over dommen, som eg synest er urimeleg, seier Ole Selnæs sjølv i ein kommentar til fotball.no.
Trur på mildna straff
Norges Fotballforbund er ikkje nøgd med dommen, og vil be det internasjonale fotballforbundet, FIFA, om grundigare grunngjeving. Derifrå kan det kome ei anke frå NFF.
– Først og fremst må vi respektere avgjerda deira, men det finst ein ankemoglegheit, og det er noko vi vil vurdere. Vi har ikkje fått ytterlegare forklart kvifor han får fire kampars karantene, seier medieansvarleg for landslaget, Svein Graff.
Ivar Selnæs er glad for at NFF har teke tak i saka, og trur ei anke kan føre fram.
– Det er ein veldig streng straff målt opp mot tidlegare saker. Viss fotballforbundet ankar trur eg det er gode moglegheiter for å få redusert dommen.
Trass i skuffelsen over å bli utestengd, seier Selnæs at både han og sonen brukte lite tid på å fordøye beskjeden.
– Me brukte 10 sekund på det. Det er berre tull å bruke tid på det ein ikkje kan gjere noko med. Me skjønnar ikkje kva som skjer, men har vendt blikket framover.
– Eit stort tap
Landslagskamerat Pål André Helland synest også at straffa verkar urimeleg.
– Eg synest det var strengt. Eg synest ikkje Ole burde bli utestengd.
Han er lei seg for å miste lagkameraten i viktige VM-kvalifiseringskampar.
– Det er aldri kjekt å vere utestengd. Viss me får eit godt resultat mot Tsjekkia er me med for fullt, og då er det ergeleg å ikkje ha med Ole, og det er ergeleg for han å ikkje kunne bidra. Det er ikkje noko tvil om det.
Også faren, Ivar Selnæs er klar på at det ikkje er bra for sonen å miste so mange landskampar.
– Sjølvsagt er det tungt for han. Straffa verkar streng, det er ikkje noko tvil om det. Det er eit eller anna som ikkje stemmer mellom kartet og terrenget her.