Etter 4600 meter var det ingen tvil. Mo Farah kom bakfrå og tok igjen etiopiske Yomif Kejelcha med killerinstinkt i blikket.
Ingen kunne vere i tvil om at å vinne i Lausanne var svært viktig for britenes store friidrettstjerne.
For 32-åringen har hatt nokre svært tøffe veker i medias søkjelys. I slutten av juni blei det kjent at Farah har uteblitt frå to dopingkontrollar. Nyheiten kom i tillegg på toppen av kritikken mot hans eigen trenar Alberto Salazar, som ifølgje ein BBC-dokumentar skal ha oppfordra utøvarane sine til å dope seg.
LES SAKA: – De tøffeste ukene i mitt liv
– Dei to siste vekene har vore dei tøffaste i mitt liv, med rykter og spekulasjonar som er heilt feil. Påverkninga dette har hatt på familie og vener, har gjort meg sinna, frustrert og opprørt, sa Farah i ein uttaling til den engelske avisa The Guardian.
Men i kveldens Diamond League var det ingen som gliste breiare enn den doble OL-vinnaren frå 2012.
Med tida 13:11.77 tok han sin fyrste Diamond League seier på distansen for året.